Eg tenkte då eg las innlegget frå overlege Rune Wiseth var at det er bra at det blir engasjement i debatten om PCI i Møre og Romsdal. At fakta kjem på bordet. Eg vart difor skuffa då han ikkje viste til konkrete tal. Eg har sjølvsagt lest utgreiingane Wiseth viser til, men er ikkje overtydd. Eg meiner sentrale moment ikkje er godt nok kasta lys over.

Eg vil igjen presisere at St. Olav har gjeve god service i alle år og eg ynskjer ikkje å skape splid eller så tvil om det! Tvert imot vil godt samarbeid vere ein føresetnad for å kunne bygge opp eit slikt tilbod også her i fylket.

Om nokon får eit stort hjarteinfarkt er behandlinga i dag å gje blodproppløysande medisin (trombolyse) for å opne kransåra som no har gått tett. Like etter må dei med helikopter til St. Olav for utblokking som er den endelege behandlinga. Det mest ynskjelege ville vere å gjere akutt utblokking, såkalla primær PCI.

Vi gir trombolyse fordi næraste PCI-senter er så langt unna at vi må forsøke å kjøpe oss tid ved midlertidig å opne åra.

Difor er ikkje PCI-senter eit smykke. Prestisje. Unødvendig luksus. Det er heilt sentral hjartebehandling som burde vore så nær folk som råd.

European Society of Cardiology sine retningslinjer seier at «(…) studier i erfarne høgvolumsentra har gjentekne gonger vist at om tid til behandling er lik, er primær PCI overlegen trombolyse i å redusere dødelegheit, nytt hjerteinfarkt eller hjerneslag» (ut. si omsetjing).

Wiseth meiner faktaframstillinga var svak då eg gjorde eit retorisk poeng av ein studie som samanlikna primær PCI med trombolyse. Den studien som blei avbroten fordi PCI var så mykje betre at det var uetisk å la studien halde fram. Ja, trombolysebehandlinga har blitt betre. Men sjølv studiane som viser at trombolyse er ein god «nummer to», seier òg at det beste ville vere å ta pasienten direkte til utblokking!

Wiseth hevdar at vi ikkje har nok. Folkehelseinstituttet sine tal viser derimot eit snitt på 457 dei siste 7 åra.

Heldigvis går andelen STEMI-infarkt ned. Siste utgreiing brukte dette som argument mot PCI i fylket.

Helikoptertransporten viser at vi siste ti åra har floge i snitt 96 pasientar kvart år til St. Olav med kransåresjukdom for akutt- eller snarleg utblokking. Tal frå trombolyseprosjektet viser at vi i 2018 hadde 129 STEMI som ville vore aktuell for akutt utblokking. Per 30. juni i år (2019) er vi allereie oppe i 102. Dette viser at vi klarer tilrådinga på 36 med god margin! Og talet er ikkje fallande.

Wiseth seier at CT (biletdiagnostikk) av kransårer er ein del av løysninga. Ja, så absolutt! Men dette gjeld berre dei små infarkta, ikkje dei store! CT vil truleg redusere unødvendige transportar men ikkje utblokkingane.

Er åra tett, kan ikkje røntgenstrålar opne den.

Wiseth seier til NRK 28. august 2019 at «hjertesyke i Møre og Romsdal har et godt tilbud i dag». Eit tilbod tufta på eit andreval som Wiseth sjølv kallar «Plumbomedisin».

Hjerteinfarktregisteret (2017) viser derimot at berre 39 prosent av dei store infarkta blei behandla innan tilrådd tid. Kun 45 prosent av dei mindre hjarteinfarkta blei utgreia innan tida.

På sistnemnde er vi dårlegast i landet! Registeret kallar dette «mindre god måloppnåelse».

Ja, dei får PCI til slutt, men det tek for lang tid!

Og ja, vi har mykje å hente på å få gitt trombolyse i tide! Men i praksis viser det seg vanskeleg for tidsvindauget for trombolyse er mykje smalare enn for akutt PCI (30 vs. 90 minutt.) Og kva med dei 20-30 prosent som av ulike grunnar ikkje kan få trombolyse? Kva tilbod har dei?

Og for alle pasientane blir diagnostikken raskare, transporten enklare og liggetida kortare!

Så eg står på mitt: Vi har stort nok pasientgrunnlag! Og eg dristar eg meg til å oppmode Helse Møre og Romsdal og Fagrådet i Kardiologi å starte utgreiinga som ifølge utviklingsplanen skulle gjerast i fjor.

For eg veit; om det ein dag skreik STEMI opp frå mitt hjarte, og eg hadde valet mellom eit senter her og eit større senter lengre unna, så ville eg gått for det næraste. For tid er hjarte. Såpass veit assistentlækjaren.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!