Ekspertutvalet for vasskraftskattlegging har i innstilling til Finansdepartementet sendt sjokkbølger gjennom den norske småkraftbransjen. Ønsket om å senke innslagspunktet for grunnrenteskatt frå 10.000 kVA til 1500 kVA vil få dramatiske følger for næringa. Ei næring som er bygd opp med brei politisk støtte over mange år.

Starten for dei moderne småkraftverka

I 1991 kom det ei ny energilov som opna for at mindre aktørar kunne levere kraft til linjenettet. Tørråret 1996 gav høgre kraftprisar og interessa for små kraftverk auka. Første signalet om betre rammevilkår kom 1. juli 1998, da var det slutt på investeringsavgift på mikro- og minikraftverk.

Samarbeidsregjeringa utgått frå KrF, Høgre, og Venstre med støtta av Frp starta arbeidet med betre rammevilkår for små kraftverk i 2002. Rapporten «Strategi for økt etablering av små vannkraftverk» kom til jul i 2003. Det var starten på dei moderne småkraftverka som utnytta flaumvatnet og kunne byggast opp til 5.000 kVA. I den rapporten stod det «Det er de små kraftverkenes bidrag til kraftoppdekningen og til næringsutvikling i distriktene, som gjør Regjeringen opptatt av å legge til rette for økt etablering av kraftverkene».

Soria Moria og Hallgeir 2005

Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet si regjeringsplattform Soria Moria ville i 2005 innføre et pliktig grønt sertifikatmarknad for ny fornybar energi og mini- og mikrokraftverk som er kraftverk under 1.000 kW.

Dermed fall småkraftverka ut av det grøne sertifikatmarknaden. I 2006 lanserte Stoltenberg regjeringa eit forslag på 3.000 kW grense for deltaking i støtteordning med «feed in-tariffar». Denne blei etter kort tid reversert.

Statsbudsjettet i 2007

Statssekretær Geir Axelsen i Finansdepartementet fronta saka om grunnrenteskatt. I 2007 fekk Senterpartiet saman med SV og AP vedteke i Statsbudsjettet alle småkraftverk over 1500 kVA skulle få grunnrenteskatt. Det same som Sanderud sitt ekspertutval foreslår no.

Stoltenberg regjeringa vart pressa av Høgre i klimaforliket til å reversere den vedtekne grunnrenteskatten ut på nyåret i 2008. Rett før Stortingsvalet i 2009 lova Stoltenberg regjeringa grøne sertifikat til alle småkraftverk, men etter valet endra dei regelverket slik at om lag 180 småkraftverk med byggestart etter 07.09.2009 ikkje fekk delta i ordninga.

Senterpartiet hadde energiministeren i perioden 2005 – 2013.

Ny regjering hausten 2013 og full peis i 2015!

Alle desse flausane rundt rammevilkåra for småkraftverk vart retta opp i 2015 der jobben i hovudsak var gjort av Oskar Grimstad Frp og Bjørn Lødemel frå Høgre.

Solbergregjeringa ynskte å gi grøne sertifikat også til kraftverk over 1000 kW bygd mellom 2004 og 2009. Desse kraftverka var lova grøne sertifikat av tidlegare regjeringar, men fekk ikkje delta fordi dei raudgrøne ombestemte seg.

Grensa for grunnrenteskatt vart sett til 10.000 kVA og alle kraftverk med byggestart etter 1. januar 2004 fekk delta i ordninga med grøne sertifikat vedtatt i Stortinget i 2015. Endringa i grunnrenteskatten i 2004, 2008 og 2015 var viktige milepælar, grunnlaget for heile småkraftnæringa vi ser i dag.

Per Sanderuds ekspertutval

Forslag som vil utradere småkraftnæringa, ei næring som er bygt opp med brei politisk støtte over mange år. Dersom forslaget blir vedteke er det kroken på døra for den norske småkraftbransjen, også for leverandørindustrien. Sanderud-utvalet gjer det motsette av det dei skulle: Dei foreslår å bruke oppskrifta som har vist seg ikkje å fungere på store kraftverk til å utradere dei endå mindre lønnsame småkraftverka.

Fordelane for samfunnet er større utan grunnrenteskatt på små kraftverk enn med. Ekspertutvalet er ei samling likesinna teoretikarar med same interesse. Til dags dato har ingen bygt eit nytt småkraftverk som kunne komme i grunnrenteposisjon.

Grunnrenteskatt

Forslaget er 39 prosent grunnrenteskatt i tillegg til ordinære skattar på overskot, eit teoretisk overskot utan frådrag av faktiske lånerenter og ei rekke andre nødvendige kostnader.

Kapitalkostnader er den desidert største kostnaden til eit småkraftverk, og den ikkje kan trekkast frå. Berre ei risikofrirente rundt 0,4 prosent, så blir grunnrenteskattegrunnlaget veldig mykje høgre enn ordinært resultat før skatt.

Skattetrykket på kraftverk med stor gjeld vil passere 100 prosent skatt og det er ikkje berekraftig verken på kort eller lang sikt. Resultatet blir konkursras blant grunneigareigde småkraftverk, sal av kraftverka på billegsal til utlandet og full stop i bygging av små kraftverk.

Behov for rask avklaring

Over 200 norske småkraftverk eigd av hundrevis av familiar i distiktsnorge har ei uviss framtid i møte. Det er i år 50 små kraftverk under bygging i tillegg til 350 konsesjonar som ikkje er realisert enno. Ein betydeleg produksjon av fornybar kraft, eit solid bidrag til det grøne skiftet.

For fleire tusen private bønder og grunneigarar er forslaget ei katastrofe og må derfor stoppast omgåande.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!