Kan det seiast noko klarare? Men det er ikkje alle som vil akseptere dette. Det er heller ikkje enkelt å få publisert dette fordi det ikkje er politisk korrekt å heve dette.

Våre barn i skolane og barnehagane vert proppa fulle av mange løgnaktige utsegn. Denne for mange sjokkerandes overskrifta er ikkje ein urett påstand. Ifølge William Hopper, ein framifrå vitskapsmann og professor ved Princeton universitetet i Pennsylvania i USA er overskrifta sann. Han har teke imot fleire priser for sitt veldokumenterte vitskapelege arbeide, men er naturlegvis kontroversiell for dei som meiner CO2 fører til dramatiske klimaendringar på jorda. Denne «miljøbevegelsen» er politisk styrt og har fått mange unge menneske til å frykte for ei uhyggeleg og katastrofal framtid.

Det har heile tida vore klimaendringar på jorda. Kvifor har vi i dag utvinning av kol på Svalbard? Er det ein grunn til dette? Jo, det har vore eit anna klima som gjer at det har vokse masse tre på Svalbard. For nokre hundre år sidan dyrka dei korn på Grønland. Kan dei det i dag?

CO2 er ikkje vår fiende, men heller ein ven. Kva lærte vi på skulen i vår barndom? For at det skulle vokse tre, gras og blomar måtte det CO2 til.

Dei som drive forsking på miljø i dag er statssubsidierte. Dei leverer tal og statistikkar som er i tråd med det dei styrande vil ha, diverre.

Er den nokon av miljøaktivistane som har rekna på kor langt ned CO2-innhaldet kan kome utan at det vore for lite til dei grøne plantene som produserer oksygenet du og eg treng for å leve?

For dei som vil lese meir om klimaet, så les på klimarealisten.no. Dei som skriv der er ikkje subsidierte av staten til å skrive det staten vil. Dei skriv det som er sant.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!