Lesarinnlegg:

«Jo! Vi har nok pasientar for eit PCI-senter!»

Svar til innlegget av Rune Wiseth 15. september 2019.

Innleggsforfattar: Lege Egil Rimslo Schistad ved Ålesund sjukehus sto bak #ringibjella-aksjonen ved Ålesund sjukehus. I dette innlegget argumenterer han for at det bør etablerast eit PCI-senter ved Ålesund sjukehus.  Foto: Staale Wattø

Ytring

Eg tenkte då eg las innlegget frå overlege Rune Wiseth var at det er bra at det blir engasjement i debatten om PCI i Møre og Romsdal. At fakta kjem på bordet. Eg vart difor skuffa då han ikkje viste til konkrete tal. Eg har sjølvsagt lest utgreiingane Wiseth viser til, men er ikkje overtydd. Eg meiner sentrale moment ikkje er godt nok kasta lys over.

Tal er nok trøyttande og tung lesing. Men bak tala finst det bankande hjarte som har skrike etter blod frå tette årer som omkransa dei. Folk vi kjenner.

Dette er status for PCI i Ålesund

– Vi har fått i oppdrag å utrede etablering av PCI i Ålesund, men kan ikke si nøyaktig når arbeidet starter.


Eg vil igjen presisere at St. Olav har gjeve god service i alle år og eg ynskjer ikkje å skape splid eller så tvil om det! Tvert imot vil godt samarbeid vere ein føresetnad for å kunne bygge opp eit slikt tilbod også her i fylket.

Om nokon får eit stort hjarteinfarkt er behandlinga i dag å gje blodproppløysande medisin (trombolyse) for å opne kransåra som no har gått tett. Like etter må dei med helikopter til St. Olav for utblokking som er den endelege behandlinga. Det mest ynskjelege ville vere å gjere akutt utblokking, såkalla primær PCI.


Leserinnlegg:

«PCI i Ålesund?»

Assistentlege Egil Schistad argumenterer i et innlegg i Sunnmørsposten den 3/9-19 for etablering av PCI i Ålesund. Som leder av Fagrådet i kardiologi i Helse Midt-Norge finner jeg det nødvendig med noen kommentarer til hans innlegg.




Vi gir trombolyse fordi næraste PCI-senter er så langt unna at vi må forsøke å kjøpe oss tid ved midlertidig å opne åra.

Difor er ikkje PCI-senter eit smykke. Prestisje. Unødvendig luksus. Det er heilt sentral hjartebehandling som burde vore så nær folk som råd.

European Society of Cardiology sine retningslinjer seier at «(…) studier i erfarne høgvolumsentra har gjentekne gonger vist at om tid til behandling er lik, er primær PCI overlegen trombolyse i å redusere dødelegheit, nytt hjerteinfarkt eller hjerneslag» (ut. si omsetjing).

Wiseth meiner faktaframstillinga var svak då eg gjorde eit retorisk poeng av ein studie som samanlikna primær PCI med trombolyse. Den studien som blei avbroten fordi PCI var så mykje betre at det var uetisk å la studien halde fram. Ja, trombolysebehandlinga har blitt betre. Men sjølv studiane som viser at trombolyse er ein god «nummer to», seier òg at det beste ville vere å ta pasienten direkte til utblokking!

Ein føresetnad for å gjere akutt utblokking er at pasienten kjem til sjukehuset innan 90-120 minutt. Senteret og operatøren må dessutan ha tilstrekkeleg mengd per år for å vere god nok når det hastar. Eit ofte nemnt krav er at senteret bør ha over 400 PCIar og 36 av dei skal vere akutte «Primære PCIar».

Viser motstand mot kuttforslag med en fredelig lunsj

– Vi må være åpne om at kuttene går utover pasientene

– Hvis en pasient har kreft, sier vi det som det er, selv om det er dårlig nytt. På samme måte må vi være åpne om konsekvensene av å kutte 130 årsverk. Vi må fortelle at det går utover pasienter og ansatte, sier lege Egil Romslo Schistad ved Ålesund sjukehus.



Ansatte ved Ålesund sjukehus aksjonerer mot vedtak om å kutte 130 årsverk:

Mobiliserer helsepersonell til fredelig opprør: - Vi velger «the high road» heller enn å hoppe nedi skyttergravene

Ei lukka Facebook-gruppe der initiativtakerne har oppfordra helsepersonell til å si sin mening om kuttene ved Helse Møre og Romsdal har iløpet av to døgn samlet drøye 1300 medlemmer. Nå står et fredelig opprør for tur.


Wiseth hevdar at vi ikkje har nok. Folkehelseinstituttet sine tal viser derimot eit snitt på 457 dei siste 7 åra.

Men er det nok pasientar til dei 36 akutte PCIane? Desse infarkta kallast for STEMI etter dei karakteristiske EKG-teikna som skrik imot oss og vitnar om at no hastar det!

– Store miljøbesparelser på å ha PCI-behandling i Ålesund

Mens de ansatte kjører el-bil til jobb, bruker ambulanseflyet på Vigra 360.000 liter drivstoff i året bare på hjerte-pasienter som må fraktes til Trondheim.


Heldigvis går andelen STEMI-infarkt ned. Siste utgreiing brukte dette som argument mot PCI i fylket.

Helikoptertransporten viser at vi siste ti åra har floge i snitt 96 pasientar kvart år til St. Olav med kransåresjukdom for akutt- eller snarleg utblokking. Tal frå trombolyseprosjektet viser at vi i 2018 hadde 129 STEMI som ville vore aktuell for akutt utblokking. Per 30. juni i år (2019) er vi allereie oppe i 102. Dette viser at vi klarer tilrådinga på 36 med god margin! Og talet er ikkje fallande.

Wiseth seier at CT (biletdiagnostikk) av kransårer er ein del av løysninga. Ja, så absolutt! Men dette gjeld berre dei små infarkta, ikkje dei store! CT vil truleg redusere unødvendige transportar men ikkje utblokkingane.

Er åra tett, kan ikkje røntgenstrålar opne den.

Wiseth seier til NRK 28. august 2019 at «hjertesyke i Møre og Romsdal har et godt tilbud i dag». Eit tilbod tufta på eit andreval som Wiseth sjølv kallar «Plumbomedisin».

Hjerteinfarktregisteret (2017) viser derimot at berre 39 prosent av dei store infarkta blei behandla innan tilrådd tid. Kun 45 prosent av dei mindre hjarteinfarkta blei utgreia innan tida.

På sistnemnde er vi dårlegast i landet! Registeret kallar dette «mindre god måloppnåelse».

Ja, dei får PCI til slutt, men det tek for lang tid!

Og ja, vi har mykje å hente på å få gitt trombolyse i tide! Men i praksis viser det seg vanskeleg for tidsvindauget for trombolyse er mykje smalare enn for akutt PCI (30 vs. 90 minutt.) Og kva med dei 20-30 prosent som av ulike grunnar ikkje kan få trombolyse? Kva tilbod har dei?

Eit PCI senter i Ålesund ville dekke ei befolkning på knappe 300.000 med helikopter. Helikopteret vil då kome fram i tide så vi kan tilby akutt utblokking. Dessutan vil 100.000 i fylket nå fram med ambulanse og med dei planlagde ferjelause fjordkryssingane vil talet bli betrakteleg større.

Dramatiske kutt i helseforetaket skaper furore:

Har fått beskjed om at halve avdelinga skal vekk: – Føles som et slag i ansiktet

Ansatte ved hjerterehabiliteringen i Ålesund har fått beskjed om at omtrent halvparten av de ansatte skal kuttes. Ingen vet hvem som må gå.


Og for alle pasientane blir diagnostikken raskare, transporten enklare og liggetida kortare!

Så eg står på mitt: Vi har stort nok pasientgrunnlag! Og eg dristar eg meg til å oppmode Helse Møre og Romsdal og Fagrådet i Kardiologi å starte utgreiinga som ifølge utviklingsplanen skulle gjerast i fjor.

For eg veit; om det ein dag skreik STEMI opp frå mitt hjarte, og eg hadde valet mellom eit senter her og eit større senter lengre unna, så ville eg gått for det næraste. For tid er hjarte. Såpass veit assistentlækjaren.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!