Det er klart at pengebruken må strammast inn, at veksten må bremsast og omstilling til nye næringar må aukast. Like opplagt er det at klimatiltaka må aukast. Men for vårt fylke er statsbudsjettet skuffande lesing når det gjeld samferdsel. Eit lite lyspunkt er nokre få millionar meir til busstilbodet, noko som vil hjelpe litt på det underskottet vi allereie har – men ikkje bidra til at vi kjem oss over på 0-utslepp i bussparken vår.

Møre og Romsdal fylkeskommune er tiltenkt kroner 0 til vidare tunnelsikring på fylkesvegnettet. Regjeringa seier vi har fått det vi skal ha, ca. 250 millionar kroner. Det er det vi har brukt på ein tunnel, Fannefjordtunnelen, og da står det att kostnader på langt over 1 milliard som må finansierast for at forskrifta skal vere oppfylt.

Regjeringa har sett av 100 millionar kroner til særleg viktige fylkesvegar i heile landet, det betyr ca. 5 millionar kroner til oss, og er ikkje nok til å dekkje planleggingskostnaden på til dømes fylkesveg 60 ein gong.

Det vart lova at no skulle rassikring av fylkesvegane prioriterast opp i forhold til riksvegane, men det er det motsette vi ser i statsbudsjettet. Det betyr at vi får store problem med å sikre Ågothammaren, Norddalsstranda og Grandefonna.

På riksvegnettet ser det heller ikkje lyst ut, og det er svært skuffande at det ikkje er sett av midlar til krabbefelt øvst i Romsdalen.

Innbyggjarane i fylket må venne seg til kutt i tilbod som vi i dag ser på som sjølvsagde dersom dette held fram. Og at vi heller ikkje får gjennomført viktige klimatiltak.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!