Lesarinnlegg:

«Om samferdselen mellom søre og nordre Sunnmøre»

Fjordkryssing: Skisse av Hafast. Illustrasjon av Rambøll. 

Ytring

Ferjene mellom Hareid og Sula, Festøya og Sula, Årvik og Koparnes, Larsnes og Åram pluss øyane i Sande, og dei fraktar i dag ca. 8.000 bilar dagleg. På alle disse ferjestrekningane er det danna noko som heiter: Hafast AS, Fefast AS, Safast AS og Rovdefjord-sambandet AS. Alle kjempar for fast veg mellom søre og nordre Sunnmøre, men resultatet er heller magert.

Frå Vanylven kan der byggast ein 6 km lang tunnel med moderat stigning til Kvamsøya, vidare til Sande kyrkje ein 3 km lang nærmast flat tunnel, der ved kyrkja må det byggast ein 5 km lang tunnel med moderat stigning under Sandsøya og i land i Hidsneset. Vegen derfrå er ca. 20 km til rundkøyringa i Strandkrysset i Ulsteinvik, der må byggast ein nesten flat tunnel under Hareidslandet og Godøya til Valderhaugsfjorden, frå rundkøyringa under fjordbotnen der må byggast to korte tunnelar den eine i land på Valderøya og den andre direkte inn til Ålesund.

Eg veit ikkje sikkert kor mykje desse tunnelane på FV61 vil koste etter dagens pris, men i 2008-prisar hadde desse tre tunnelane sør om Gurskøya kome på ganske nøyaktig 1500 millionar kroner. Den nesten flate tunnelen under Hareidslandet og Godøya blir vesentleg dyrare, for han blir like lang som tunnelen på E16 Lærdalstunnelen som kosta 1080 millionar kroner i 2001 ifølge Wikipedia. Den får så stor trafikk at han må byggast i 4 køyrebaner, for dei 8 ferjene som går her i dag har 8.000 bilar dagleg. Derfor med den naturlege trafikkutviklinga, får tunnelen minst 25.000 bilar dagleg (jf. trafikkutviklinga i Eiksund-tunnelen) og blir ein av Norges mest trafikkerte. Med bompengar på nivå med ferjetaksten Hareid-Sulesund er heile vegprosjektet 100 prosent sjølvfinansierande på få år, og ferjetider og ferjebillettar vil bli historisk.

Alle fire bompengeselskapa må fusjonerast snarast, det blir et så solid økonomisk selskap at dei kan søkje om byggelån hos sin største aksjonær: som er Sparebanken Møre og kommunane. Det nye bompengeselskapet vil ta inn i autopass-avgift berre med eit autopass-kamera under Hareidslandet på nær 3 milliardar kroner. Så på ei 5 års periode er ganske sikkert heile anlegget nedbetalt, og både vi og Samferdselsdepartementet sparer milliardsummar for all framtid (og det trengst verkeleg for statsbudsjettet har eit underskot i milliardklassen årleg.

Det er å håpe at kommunane sine trafikknemnder og ordførarane, tek skritt for å redusere ferjetrafikken til eit minimum. For departementet har sagt at i nær framtid skal alle ferjesamband gå heilt utan offentlege tilskot (slik som ferja Hellesylt-Geiranger).

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!