Rikspolitikarane våre har teke innover seg at Noreg er eit kostbart land å leve i, og har sytt for å bevilge seg gode ordningar med løn, pensjonar og andre goder.

Ein stortingsrepresentant tenar i dag om lag ein million kroner, og ein statsråd i underkant av 1,5 millionar kroner. Dei har i tillegg ei rekkje andre godar, som til dømes uavgrensa antal fri heimreiser, svært rimeleg mat i stortingsrestauranten, og bur du meir enn fire mil heimanfrå, disponerer du gratis ei av dei 143 leilegheitene som stortinget har.

Våre folkevalde har også sikra seg ei langt rausare pensjonsordning, enn folk flest får høve til. I fylgje overslag vil ein stortingspolitikar med full opptening (12 år på Stortinget) få om lag 820000 kroner i tenestepensjon fyrste året som pensjonist, i tillegg kjem den vanlege alderspensjonen, omlag det dobbelte av det ein tilsett i privat næring har høve til.

Rikspolitikarane er som folket sine valde tenarar gjevne mandat til å forvalte fellesskapets nasjonale verdiar og interesser, og å syte for ein rettferdig bruk og fordeling av desse verdiane, til alles beste.

Rettferdige har dei på ingen måte vore i pelsdyrsaka, der regjeringspartia hestehandla bort ei heil næring. Det ville vere naturleg, og i tråd med vanlege borgarar si rettferdskjensle, at regjeringa i det minste kompenserte dei som ufrivilleg vert råka av yrkesforbod, på ein raus og rettferdig måte. Det er diverre ikkje realitetane, for regjeringa legg til grunn at pelsdyrbøndene skal kompenserast etter bokført verdi, og ikkje etter reell verdi. Dei som har investert mykje og har store lån, kan verte sitjande att som gjeldsslavar, og dei som har nedbetalte anlegg vert frårøva den verdiskapning dei har opparbeidd, kan hende gjennom generasjonar.

Skal tru om regjeringsmedlemer eller stortingsrepresentantar, hadde vore tilfredse med å verte kompenserte etter likningsverdi, dersom dei fekk sine hus vekkregulerte og rivne?

I fylgje statsbudsjettet legg regjeringa opp til ein samla kompensasjon for pelsdyrbøndene på om lag 500 millionar kroner. Det er om lag ein femtedel av dei 2,3 milliardar kronene stortinget har brukt på ein gigantisk parkeringsplass under jorda, til eige bruk.

Når ein ser saka i perspektiv av kor rause politikarane har vore med seg sjølve, gjer det vondt å sjå den likesæla og arrogansen regjeringa syner mot dei 200 familiane som i fleire år har levd i uvisse over kva skjebne som ventar dei når denne uverdige seigpininga er over. Regjeringa har i denne saka stått fram langt meir som arrogante statsherrar enn som folkets tenarar, og det er skræmande at representantar for ei yrkesgruppe som til dei grader har tilgodesett seg sjølve, ikkje har ryggrad til å ta eit anstendig og rettskaffent ansvar for eige vedtak i pelsdyrsaka.

Rikspolitikarane minner etter mitt syn meir og meir om bukken som vart sett til å passe havresekken. Han hadde heller ingen omsut for andre, men tok all havren sjølv.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!