Lesarinnlegg om nynorsk i nye Ålesund:

«Då Ålesund slukte Borgund»

Innleggsforfattar: Aud Farstad, historikar. Ålesund.  Foto: Pressefoto.

Innleggsforfattar: Ottar Grep­stad, tidlegare direktør ved Nynorsk kultursentrum.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Ytring

Odd-Østen Hurlen kommenterer i Sunnmørsposten 14. oktober kronikken vår «Historia om nynorsk i Ålesund» 8. oktober. Der fortalde vi litt av ei historie som vi trur har vore ukjend for mange. Det var ein artikkel fri for polemikk og kritikk. Hurlen kallar det berre «en del antagelser» og forsvinn inn i polemikk mot det vi ikkje skreiv.

Det blir harselert med bokmålet, skriv Hurlen, men vi harselerte ikkje med noko. Eg er mot all tvang, skriv Hurlen, men vi skreiv ikkje om tvang. Eg er meir oppteken av det som skjer i dag, skriv Hurlen, men hendingar i fortida kan faktisk ha noko å gjere med det som skjer no.

I kronikken viste vi at Ålesund endra karakter språkleg då Borgund og Ålesund blei slått saman frå 1968. Då budde det fleire i Borgund enn i Ålesund. Likevel tok Ålesund alt – jamvel namnet. Ålesund kommune, fylkestinget, regjeringa og Stortinget pressa Borgund til noko dei folkevalde i Borgund absolutt ikkje ville.

I eit felles kommunestyremøte 2. juni 1966 hadde Ålesund 61 representantar og Borgund 41. Då røysta 62 for kommunenamnet Ålesund og 40 for Borgund. I fylkesutvalet nokre veker seinare røysta 6 for Ålesund, 5 for Borgund. Statens namnekonsulentar tilrådde i november 1966 at kommunen skulle heite Borgund. Sunnmørsposten argumenterte sterkt for at kommunen skulle heite Ålesund.

Så delte var meiningane at Ålesund kommune hausten 1966 spurde om det kunne vere aktuelt med ei folkerøysting om namnet. Det sa Borgund kommunestyre straks samrøystes nei til. Forslaget hadde fått så mykje motbør i fellesmøtet i juni, også frå Ålesunds-representantar, at Borgund meinte det ikkje var aktuelt å ta dette opp att no.

Saka måtte dermed avgjerast i Stortinget etter tilråding frå regjeringa. Der var usemja så stor at 10 statsrådar tilrådde Ålesund, medan 5 ville ha Borgund. Mange i Stortinget mislikte at dei måtte ta stilling i saka og meinte som regjeringa at ei rådgivande folkerøysting hadde vore best. At Borgund avviste det forslaget, vitnar om ein samanslåingsprosess utan gjensidig tillit. Etter eit ganske langt ordskifte 15. juni 1967 vedtok Stortinget kommunenamnet Ålesund med 76 mot 57 røyster.

Formelt gjekk alt rett for seg med vedtak etter vedtak i demokratiske organ. Reelt var det tvang. Som i 1967 tek Ålesund det meste også i den nye kommunesamanslåinga, men no utgjer nettopp språksaka ein viktig skilnad. Same kva ein meiner om saka, skaper den intensjonsavtalen som ligg til grunn for samanslåinga, ein mykje betre balanse enn i 1967.

Då godtok den største kommunen med nynorsk som administrasjonsspråk kravet frå den mindre kommunen Ålesund om såkalla språknøytral administrasjon. Den avtalen som ligg føre, gir bokmålsbrukarane mykje klarare rettar i storkommunen Ålesund frå 2020 enn nynorskbrukarane hadde i storkommunen Ålesund frå 1968.



-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!