Steinar Øksendal hevdar i Sunnmørsposten 21.10. at eg har skifta taktikk. I avisa skal han 3.10. etter eiga meining ha massakrert noko eg skreiv fleire veker tidlegare. I staden for å svare Øksengård skreiv eg saman med Aud Farstad «Historia om nynorsk i Ålesund», skriv Øksengård og trur han har eit poeng. Kronikken stod på trykk 8.10., men avisa fekk manuskriptet 20.9., to veker før innlegget hans stod på trykk.

Dei siste månadene har det vore skrive mykje omtrentleg om språk i Ålesund i nyare tid. Difor gjekk Farstad og eg i gang med å finne fram ei anna side av den historia. Reaksjonane frå det miljøet som har slått om seg med historiesynsing, er interessant. Brått er ikkje historie så relevant likevel.

Framtida er viktigare enn fortida, skriv Øksengård og går laus på ein song frå 1896. Så irritert er han over mangelen på svar at han har prøvt å gjendikte «Å eg veit meg eit land» av Elias Blix. Aldri så dårleg at det ikkje er bra for noko. No blei det endå tydelegare kor god ein diktar Blix var.