Lesarinnlegg:

«Om likekjønna ekteskap»

Illustrasjonsfoto 

Ytring

Eg vil takke tidlegare kapellan i Spjelkavik Ingebrigt Austnes for den fine artikkelen om dette emnet.

Den var opplysande og gav god informasjon.


Kronikk:

Det likekjønna ekteskapet, i kyrkja og i samfunnet

Der har alltid vore ei spenning melom tru og fornuft. I dag står fornuften sterkt.

Det er synd at det er først når dei pensjonerar seg eller sluttar på annan måte, at prestar kan ta bladet frå munnen og snakke ut om kva Bibelen seier om ekteskapet!

Det fundamentet som samfunnet er bygd på er i ferd med å rakne. Prestane og vi andre kristne er kalla til å vere jorda sitt salt, men når saltet er utan kraft duger det ikkje til noko.

Som jorda sitt salt skulle vi vere med på å hindre at alt rotnar opp.

Saltet kan svi og det kan også sanninga gjere.

Austnes stiller spørsmål ved borna sine rettar. Har ikkje alle rett til å få vite kven som er mor og far? Han viser til programma med Tore på sporet. Kven ville like å vekse opp med to fedre eller to mødre? Mine foreldre døde tidleg og eg tenker ofte på dei og ser fram til å møte dei att i himmelen.

Vert ikkje samfunnet meir og meir perverst når alt skal vere fritt og lystene får råde?

Er det ikkje på tide at utviklinga snur og at vi omvender oss og tek Guds ord på alvor?

Skal tilstandane verte som i Sodoma og Gomorra då Gud sjølv måtte gripe inn med dom?

Nyleg deltok eg på ein bøn og faste samling i Røyken ved Drammen. Der var det ei kvinne som tok kontakt med meg. Ho fortalde at ho hadde vore lesbisk i mange år, men at ho no var utfridd frå det og kunne tenke seg å gifte seg med ein mann.

Ho har fått stor motstand mot dette, for mange seier at ein er fødd slik og at ein ikkje kan forandre på det.

Kvinna står fast på sitt standpunkt og hevdar at det var ei åndsmakt ho var inntatt av.

Som vi nyleg kunne lese i Møre-Nytt om Fru Svendsen huset i Ørsta så er det åndsmakter som er verksame.

Dette er ikkje Den Heilage Ande, men ureine ander.

I same avis som stykket av Austnes kunne vi lese at soknepresten i Ørsta stod for utdeling av Biblar til ti-åringar i Ørsta kyrkje.

Eg vil då spørje: Trur han på heile Bibelen eller berre delar av den? Skal ein som kristne berre ta ut det som passar? Korleis kunne han tillate at to kvinner vart vigde i Ørsta kyrkje og for dansande nedover golvet?

Vi er mange som tykkje at dette er blasfemi!

Som Austnes skreiv så har dette inga dekning i Skrifta.

Vi vil be soknepresten forklare dette.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!