Lesarinnlegg

«Korrigering om pengebruk på Stortinget»

Pengebruk: – Pengebruken på Stortinget er konstant under lupa, og slik må det vere. Korleis vi fordeler pengane i statsbudsjettet får store konsekvensar for liva og kvardagen til folk, seier stortingspresidenten.  Foto: Terje Pedersen

Ytring

Pengebruken på Stortinget er konstant under lupa, og slik må det vere. Korleis vi fordeler pengane i statsbudsjettet får store konsekvensar for liva og kvardagen til folk.

I eit innlegg signert Sveinung Walseth i Sunnmørsposten er det fleire misforståingar om korleis pengane til skattebetalarane blir brukt.


Kontorplassar - ikkje parkering

Walseth refererer til stortingsgarasjen, men i det mykje omtalte byggeprosjekt til Stortinget er det ikkje bygd ein einaste parkeringsplass. Derimot har Stortinget totalrehabilitert eit kontorbygg i Prinsens gate 26 som var i svært dårleg stand. Fleire norske organ med ansvar for nasjonal trygging gjekk gjennom heile bygningsmassen til Stortinget etter 22. juli-terroren. Tilrådingane deira for å betre tryggleiken er følgde opp under rehabiliteringa.

Av same grunn er det bygt eit post- og varemottak under Wessels plass. Dette har fått ein eigen innkøyringstunnel fordi vi av tryggingsgrunnar ble tilrådde å sørgje for at det finst alternativ utkøyring frå Stortinget.

Stortinget skal følgje samfunnsutviklinga

Både godtgjersle, pensjon og andre ordningar for stortingsrepresentantane er der for at vi skal kunne skjøtte verva våre best mogleg. Dei siste åra har det vore ei stadig tilpassing til reglane og normene i staten, og dette jobbar vi aktivt med. Det er viktig for tilliten til oss stortingspolitikarar at folk oppfattar ordningane som rimelege.

Lønsnivået til stortingspolitikarane blir først vurdert av ein uavhengig lønskommisjon som gir sine tilrådingar før stortingspolitikarane vedtek endringar i godtgjersla. Den uavhengige lønskommisjonen er der for å sikre at vilkåra våre er rimelege og i takt med samfunnsutviklinga. Sidan kommisjonen vart etablert i 1996 har stortingsrepresentantane følgt den generelle lønsutviklinga i samfunnet.

Pensjonsordninga for Stortingsrepresentantar vart endra i 2011. Før den tid var ein sikra 66 prosent av full godtgjersle etter 12 år på Stortinget. Slik er det ikkje lenger. Frå 2011 er pensjonsordninga for stortingsrepresentantar harmonisert med den nye offentlege tenestepensjonsordninga.