Det kan sjå ut som om vedtaket i fylkestinget i Møre og Romsdal om eit tak på 200 dekar årleg, samsvarar godt, med forventa reduserte kommunale dispensasjonar.

Tala for 2018 viser at jordvernmålet er nådd, med nedbygging av 183 dekar dyrka mark.

Det er ein betydeleg reduksjon frå året før då ein hadde omdisponert nærare 600 dekar i Møre og Romsdal og slik toppa lista.

Det er kommunane i Møre og Romsdal som har delegert mynde til å dispensere frå lovverket, som vernar dyrkajorda mot nedbygging.

Plan og bygningslova krev at kommuneplanane skal rullerast kvar 4. år. Det betyr at dei nyvalde kommunestyra no står framfor ei slik lovpålagt rullering.

Den prosessen inneber også at arealdelen skal rullerast og då kan ein i rulleringa gjere om dei planar som er uheldige og der plana gjev høve til å bygge på dyrka jord. Det vil slik verte avgjerande for framtida korleis kommunane forvaltar jordvernet gjennom sitt delegerte dispensasjonsmynde på vegner av departementet.

Fylkesmannen hadde innstilt Sunndal kommune til vårt fylkes kandidat til Landbruksdepartementets nasjonale Jordvernpris.

Opprettinga av ein jordvernpris er eit tiltak for å styrke jordvernet. Prisen gjekk til ein annan kommune utanfor vårt fylke, men det er grunn til å merke seg dei lokale resultata, som er oppnådd i Sunndal.

I dei siste 14 åra er det gjeve dispensasjon for omdisponering av i alt 39 dekar. 2010 toppa med 26 dekar som det dårlegaste jordvernåret. Medan dei andre åra er 6 år med 0 og dei andre åra frå 1–3 dekar årleg. Sunndal kan slik tene til eit føredøme på sin vellukka jordvernpolitikk. Det er difor viktig at det trykk fylkesmannen har på jordvern held fram slik det er planar om med besøk og gjennomgang av jordvernet i den einskilde kommune.

Samferdsle er eit anna satsingsområde for jordvern framover. Vi er kjent med at det vert produser den eine vegtraseen etter den andre der det ikkje vert teke turvande omsyn til jordvern.

Dette må takast opp med vegmyndigheitene slik at ein får ein langt meir restriktivt jordvern i vegplanlegginga. Inntrykket til denne tid er at nedbygginga av dyrkajord kjem fram først når eit måler ut grunnoppgjeret når vegbygginga er ferdig.

Slik kan ein ikkje ha det i framtida.

Jordvernet må inn i manualar og retningslinjer frå planstart.

For å redusere skadeverknadane av nedbygging av dyrka jord, er at ein tek vare på matjorda og flytter den til ein annan stad. Slik flytting må gjerast betre enn på den måten ein gjer dette i dag.

Det vil slik verte sett krav til fagleg kompetanse og sertifisering for firma som ønskjer å ta på seg så krevjande arbeid som matjordflytting er i praksis, om resultatet skal bli slik ein ønskjer.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!