Eg er kanskje på veg inn i eit minelagt område, men til tider tek eg sjansar. Eg veit truleg for lite på dette mykje omtala saksfeltet. Kvar vil eg så med dette? Eg hoppar rett inn i eit kvepsebol der det surrar av iltre, sinte og til dels forvirra utøvarar. Politikarar, byråkratar, tilsette og tillitsvalde gjev oss innspel og uttalar som ofte sprikjer i alle retningar. Staurbering er ikkje lett, heller ikkje i 2019. Du ventar sikkert på kvar eg no skal lande. Kort sagt: Sjukehussitusjonen i fylket vårt og ikkje minst framtida innan dette viktige saksfeltet møter oss i dei fleste lokale og regionale media mest kvar dag.

Min bakgrunn og kunnskap på området er truleg eit snitt av dei som bur i Møre og Romsdal.

-Alle treng vi hjelp frå denne tenesta ein eller fleire gonger i livet.

-I dei fleste tilfelle er det godt å vite at hjelpa er nær.

-I 2019 har vi 4 sjukehus i M&R. Kr.sund – Molde – Ålesund – Volda. Vi treng alle.

-Vedtak om bygging av nytte sjukehus på Hjelset er gjort.

-Å drifte dei 4 sjukehus krev aukande ressursar

-Å byggje, vedlikehalde og modernisere krev meir enn Staten vil yte.

-Styringa av dette vesenet er ikkje lett å bli klok på.

-Lista her kan nok lagast ein god del lenger

Eg vil i dag gje honnør til nokre enkeltpersonar som langt på veg innser at mykje kan gjerast annleis, og at vi treng ei langt klårare målsetjing og handlingsvilje for vegen vidare. Vi må også vere innstilte på å følgje opp det vi då kjem fram til. Å køyre i grøfta kan skje, men det må ikkje verte det vanlege. Egil Schistad er først ut. Han har som tilsett ved sjukehuset på Åse kome med skarpe og rettkomne uttalar knytta til sjukehussaker. Siste utspelet gjeld utviding av akuttmottaket og ny operasjonsfløy ved Ålesund sjukehus. Kostnader gjer at desse prosjekta kan verte utsette Tilsette er sinte, seier Schistad. Med god grunn, vil eg leggje til!

Neste ut er Frank Sve, kjend FRP-politikar. Han har levert ein interpellasjon til Fylkestinget sitt møte 9. des. Han poengterer m.a: Situasjonen kring sjukehusa våre er dramatisk. Sve trekkjer fram ei rekkje saker som med rette dannar grunnlag for at politikarane ikkje lenger må sitje med hendene i fanget! Han fryktar at heile grunnlaget for organisering og drift av denne sentrale offentlege tenseta vil bryte saman! Heile interpellasjonen kan du lese på nettet.

Eg vil leggje til at heile modellen vi i dag har med sjukehusdrifta i landet vårt bør gjennomdrøftast. Eg tviler på at dagens modell er den beste for oss som treng tenestene. Her må vi nok enno ei tid leve med Bent Høye som helseminister. Han bør gjennom sterke vedtak og utfordringar fram på bana og rydde opp, stake ut ny kurs slik at sjukehustenesta kan verte eit mønsterbruk for Møre og Romsdal og landet elles. Kanskje andre bør ta denne oppgåva? Lukke til – alle som i dag sit med ansvar. Vi innbyggjarar er alle med i denne gruppa!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!