Eg har aldri prøvt å dokumentere at eit fleirtal i noverande Ålesund kommune ønskjer nynorsk administrasjonsspråk. I debattinnlegget refererte eg til innbyggarundersøkinga i Ålesund i 2016 og siterte frå den. Det var Opinion som gjennomførte undersøkinga, og i ein kommentar skreiv dei: «Signifikant fleire vil ha nynorsk enn bokmål». Det er altså ikkje mine ord, og det er heller ikkje ein påstand om at det er fleirtal for nynorsk i noverande Ålesund. Steinar Øksengård skriv om Ålesund, men det kan sjå ut som han ikkje har fått med seg at det er fire nynorskkommunar som no skal gå saman med språknøytrale Ålesund.

Dessutan skreiv eg nokre vurderingar og kom med nokre synspunkt omkring undersøkinga og språksaka i noverande Ålesund kommune. Dette at heile 41 prosent i undersøkinga svarer at dei ønskjer nynorsk, passar naturlegvis dårleg for Steinar Øksengård. Han legg då saman prosenttalet for nøytrale og prosenttalet for bokmål. Då får han 54 prosent, og alt dette reknar han som bokmål. Vidare seier han at bokmålsfleirtalet i noverande Ålesund er signifikant. Slik kan han ikkje bruke desse tala.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!