«8.3.3, hovudmål 3:»

«Kunst- og kulturformidlinga skal vere allsidig, kunnskapsbasert, av høg kvalitet og for alle.»

Ironisk nok blir alle kunstlinje i heile Møre og Romsdal fylke påverka negativt dersom vedtaket frå økonomi-og handlingsplan for 2019-2022 kjem igjennom måndag den 11. november i Molde.

Etter alle paragrafene om kor viktig kunst og kultur er for vårt samfunn, og etter all verdas statistikk på korleis antall deltakarar på UKM-fylkesfestivalen har auka frå 2017 til 2018, blir det fint innpakka kor mykje som skal halverast frå kunstfaga allereie neste år. Korleis antall elevar på dans, drama og musikk skal halverast, for så å slåast saman. Som om dei tre like så godt kan blandas i ei røre fordi det sikkert går i same greia. Musikk, dans og drama på Fagerlia er ikkje det einaste som vil bli kutta eller minska, men det gjeld også musikklinja i Molde og Volda, medielinjene i Ålesund og kunstfaga på Nordmøre. Linjer som har som formål å ytre noko.

«Resultatmål 1: starte opp program for publikumsutvikling, som har som mål å auke i og bidra til eit meir demokratisk og inkluderande kulturliv.»

Vi kan starte med det store håpet om å skape eit meir demokratisk kulturliv. For korleis skal ein jobbe mot eit meir demokratisk kulturliv dersom dei som sit høgast oppe på rangstigen vel å kutte ned på ressursar til kunstfag? Seks dagar reaksjonstid før forslaget blir vedtatt er så lite at ein knapt rekk å løfte blyanten. Kva skjer med samfunnet dersom ein tillater seg å ta snarveger til byråkratiet? Et fokus desse linjene har til felles er ytringsfridomen, retten på å meine noko, og sette ting på spissen. Ved å fullføre eit slikt vedtak, vil det kunne kallast sensur.

Det er tydeleg at tilbaketrekning på ressursar til kreative linjer i fylket skjer på grunn av eit alt for høgt lån til ein vegutbygging som berre vil være gunstig for nokre få. Budsjettkuttet i kunstfaga vil påverke eit heilt samfunn i det større bildet. Elevane er kjerna i fylkets kulturliv. Utan ungdom hadde U-en i UKM vore meiningslaus. Utan ungdoms engasjement og lidenskap for faga hadde det ikkje vore nokon deltakarar på Vibes i Borgundvegen, eller frivillige i råd på workshops til interesserte yngre kunstnarar. Formålet er, og har alltid vore, å skape eit mangfald og perspektiv blant menneske i alle aldrar via metoder som er «utanfor boksen».

Korleis skal det være høg kvalitet på kunsten om det blir kutta? For alt vi står igjen med då, er eit lerret uten pensel og farge å male med. Verdiane må takast vare på, slik som økonomien også skal. Men kvifor kaste framtida til ungdom under bussen dokke sjølv har køyrd i grøfta?

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!