Tida for fylkeskommunalt budsjett har kome. Aldri før har det i nyare tid sett mørkare ut for Møre og Romsdal si framtid. Fylkeskommunen må senke driftskostnadane med om lag 250 millionar kroner i året. Og i kuttforslaga står mellom anna YSK-tilbodet, tidlegare kalla TAF.

Ingeniørar og andre akademikarar med praktisk kompetanse i eit fag er eit enormt stort gode i industrien, byggebransjen, helsebransjen og prosessindustrien. Frå YSK-linjene får ein nettopp dette i eit studieløp som går over fire år. Elevar som går dette løpet er ute i praksis halvparten av tida studiet går føre seg. Det skapar ein god dynamikk mellom praktisk arbeid og krevjande studiearbeid. Det resulterer i ein godt balansert studiekvardag, og gjer elevane praktisk kompetanse kombinert med eit sterkt teoretisk grunnlag.

Ei utfordring ved dette er at det krev at skulane har tilgjengelege lærlingplassar til alle årskulla som startar. Dette krev eit godt samarbeid med næringslivet og opplæringskontora kringom i fylket. Fylkeskommunen har allereie opparbeida seg gode relasjonar, og det blir svært uheldig å bryte med kontinuiteten.

Om budsjettrammene er for tronge for fylkeskommunen, kan dette vere eit utrop til næringslivet og kommunane i regionen om å ta initiativ til økonomisk samarbeid med fylkeskommunen om dette. Om YSK-linjene forsvinn blir ikkje dette berre eit tap for håpefulle elevar med store visjonar, men og for eit næringsliv i omstilling som treng brei og god kompetanse.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!