Nyleg kom nyheita om at fylkesrådmannen foreslår å kutte i utdanningssektoren med omkring 100 millionar kroner i løpet av økonomiplanperioden. Det har vore sterke reaksjonar frå dei som vert rørt ved kutta – med god grunn!

Vi i Raudt i Møre og Romsdal meiner det er heilt feil at det er utdanningssektoren som skal måtte lide for at fylket ikkje klarar seg økonomisk. Det er viktig å ha bak i hovudet at desse kutta verkar kanskje direkte inn på økonomiplanen og sparar fylket for ein del utgifter her og no, men kva med dei langsiktige konsekvensane?

Når elevar ikkje lenger har høve til å velje førstevala sine fordi linjene verte lagt ned skjer to ting; anten er dei tvungen til å velje andrevalet som dei ikkje er like motivert for, eller dei blir tvungen til å flytte langt heimanfrå i ein alder av berre 15/16 år. Det verkar som at det er nokre formeiningar ute og går om at det går heilt fint å sluse alle inn på studiespesialisering om dei ikkje har betre alternativ. Møre og Romsdal har generelt høg prosent av elevar som fullførar vidaregåande skule, men det er ikkje utenkeleg at om fleire blir tvungen til å velje studiespesialisering utan naudsynt motivasjon, er faren for at fleire droppar ut også til stades, og at dei står utan fullført vidaregåande skule. Dette kan koste samfunnet mykje meir på sikt. Det er også eit paradoks at dagens regjering har gått inn for ei satsing på yrkesfag, men her i Møre og Romsdal, eit industri og næringslivsfylke, skal vi kutte i desse linjene. Dette, saman med å legge ned og halvere studieplassar innan kreative fag vitnar om det vi i Raudt trudde var eit utdatert syn på desse faga som mindre viktig og nyttig.

Eit anna viktig poeng er at kutta som er foreslått vitnar også om eit ønske om sentralisering, kvar alle studietilbod skal konsentrerast rundt skulane som er nærast dei tre byane Ålesund, Molde og Kristiansund. Vi må spørje oss sjølv kva slags framtid er det vi eigentleg ser føre oss, og kva er framtidas arbeidsplassar? Den kompetansen yrkesfaga gir oss vil vere uvurderleg med tanke på det grøne skiftet og grøn næring og industri. Eit kutt i desse studietilboda er å verke negativt inn på dei unge si vilje til å flytte heim etter enda studietid og ikkje minst kutt i satsinga på miljø og klima.

Kvifor skal det kuttast så mykje i utdanning? Raudt si overordna meining er at det ikkje skal kuttast i utdanningstilbod i det heile tatt, og i alle fall ikkje her det skal kuttast først! Er det riktig at utdanningssektoren skal lide for at vi skal bygge vegar? Vi anbefaler fylkesadministrasjonen å først sjå på kutta i samferdsel, og ikkje minst i administrasjonen og politikarar sine lønningar. Når det budsjetterast med 26,7 millionar kroner til «politisk verksemd», så må det vere ein del millionar å hente her. Ved å redusere fylkesordførar si godtgjersle frå 12 G (1.198.296 kroner) til 8 G (798.864), vil vi ha ei innsparing på 399.432 berre på den posten. Alle andre godtgjersler er basert på prosentsatsar av ordførar si lønn, og vil difor også senkast. At ein kan kutte millionar på å redusere politikargodtgjerslene er nok fort mogleg. Dette inneber blant anna at vi kan redde eit par linjer. Til dømes YSK i 2020 og nesten 2021.

Vi kunne ha skrivet mykje meir om kvifor det er heilt hårreisande å i det heile tatt foreslå å legge ned dei høgst vellykka TAF-linjene i fylket (eller YSK som no vert brukt), å halvere talet på studieplassar innan musikk, dans og drama, å legge ned media og kommunikasjon fleire plassar (som er som ein gåvepakke å rekne for den private vidaregåande skulen Akademiet!) og å kutte i bygg og anlegg, elektro og industriteknologi med meir. Vi anbefala heller dei andre politikarane og folk generelt til å lese alle innlegga skrivne av dei lærarane, elevane, fagforeiningane og ikkje minst næringa som vert direkte ramma av dei kutta som er foreslått, og høyre på deira stemmer då dei har førstehandskunnskap om det dei tek i forsvar. Politikarar skal, som vi veit, høyre på folket og dei som har kunnskap på sitt felt.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!