Då dottera mi for nokre år sidan kom heim og sa ho ville begynne på musikk-, dans- og dramalinja på Fagerlia vgs., tenkte eg umiddelbart at nei, nei, nei, dette er bortkasta teoretisk talent. Men som forelder hadde eg også ei plikt til å setje meg inn i kva dette faktisk dreide seg om, og det gjorde eg.

Då eg begynte på den same skulen for ein mannsalder sidan, var dei allmenne faga det einaste saliggjerande. Det var det gamle gymnaset, det var der dei skuleflinke hamna. Allmenne fag hadde den høgaste statusen. Heldigvis har fleire av oss blitt klokare med åra. No ser vi at det planleggast store kutt i musikk-, dans- dramalinja frå fylkeskommunalt hald, og då er det grunn til å reagere og kanskje, i all ærbødigheit sjølvsagt, drive litt vaksnenopplæring..

Dottera mi overtydde mor si og begynte på danselinja på Fagerlia vgs. Og kvifor blei mor overtydd? Fordi dette er ei linje som gir studiekompetanse, men på ein litt anna måte enn det vanlege studieløpet med allmenne fag og studiespesialisering. Både karakterar og audition blei brukt i inntaket av elevane.

I dag ser vi mange vatntette skot mellom studieretningane, du er anten ei kunstnarsjel eller ein teoretikar. Elevane som valde musikk, dans og drama i lag med dottera mi var ein samansett gjeng med mange forskjellige utgangspunkt. Dottera mi er no snart ferdig med sitt lange studieløp, men ho er overtydd om at åra på danselinja på Fagerlia vgs. ga grunnlaget for den vaksenpersonen ho er i dag. Frå å vere ei forsiktig og tilbakehalden jente våga ho å ta plass, ytre seg, bruke seg sjølv. Ho snakkar enno om det som sto med store bokstavar over det eine bygget: «Det er betre å drite seg ut enn å døy av forstoppelse». Ein klisjé for mange kanskje, men ho og hennar medelevar fekk erfare at det var sant.

Det ho kanskje sit mest igjen med var det sterke samhaldet og grunnlaget det ga for samarbeid elevane i mellom. Når dei skulle produsere framsyningar saman, måtte dei stole på kvarandre. Den eine var avhengig av at den andre følgde opp, elles raste alt saman. Det var år som ga auka sjølvkjensle og sjølvinnsikt, som var ein del av ein danningsprosess som kjem til å prege dei i alt dei gjer resten av livet. Lærekreftene ved denne linja på Fagerlia vgs var òg i ein klasse for seg. Lidenskap og kjærleik til faga dei underviste i smitta over på elevane. Dei var nære og støttande, men også krevande og bestemte, og venta aldri mindre enn full dedikasjon frå elevane sine. Musikk, dans og drama var ikkje berre gøy og kos, det var respekt for ein fagkrets satt ei ein kulturhistorisk samanheng. Dette var ikkje noko det skulle takast lett på. Ville ikkje dotter mi kunne ha opplevd den same personlege utviklinga på ei kva som helst anna linje? Jo kanskje, men det er likevel nokre menneskelege fasettar ein får utfordra og finslipt i dei estetiske faga. Det er i dei estetiske fag sin natur. Ein må tørre å «bjuda på», blottstille seg, finne si eiga røyst.

Skulen skal gi karaktarar til eit vidare studieløp. Men dei skal også utvikle karakteren til den einskilde. Det er det dei gjer på musikk-, dans- og dramalinja på Fagerlia vidaregåande skule.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Mariann Schjeide frå Skodje er leiar for Norsk Bibliotekforening. Foto: Norsk Bibliotekforening