Har i fleire dagar tenkt på innlegget som Ove Klepp hadde i avisa for nokre dagar sidan. Til slutt måtte eg berre takke for eit knakande godt innlegg. Ein snakkar om «treffe spikaren på haudet». Dette var eit godt treff! Det er ikkje plass til å kommentere alt, men eitt tema må eg nemne.

Her kan du lese innlegget:

Eg har sjølv skrive om dette til dei direkte, men dei er ikkje til å rikke. Eg reagerer på at dei nærmast skal «hoppe» inn før andaktshaldaren har fått sagt amen for å fortelje kven som har hatt andakta. Men aller mest har eg reagert på musikk- eller sangval etter andaktshaldaren har snakka frå seg. Det er for stygt å tru at dei vil øydelegge andakta.

Det er gjerne slik at ein har innstilt seg i ein «andaktsmodus» når ein vil få med seg andakta om morgonen. Då blir det ein nedtur når ein blir avbroten på ein slik måte, ofte etterfylgt av «piggtrådmusikk». Eg har meir gått over til å høyre andakta kl. 05.30 eller kl. 07.20. Men skal ein høyre andakta kl. 07.20, må ein skifte kanal.

Eg reknar med at det er den musikken/melodien som andaktshaldaren har valt ut som er brukt då. Men då eg spurde om dei ikkje kunne bruke same melodien/songen, fekk eg til svar at det hadde dei ikkje lov å gjere. Eg synest det er rart når andre lokalkontor gjer det. Det har også hendt at dei har brukt same melodien på NRK Møre og Romsdal også.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!