Ja, det er stor skuffelse at det i statsbudsjettet ikkje vart sett av pengar til oppstart av Stad skipstunnel. Og det trass i den eine utgreiinga etter den andre. Det skal visst vere over 20 ulike utgreiingar. Til og med horisontal boring gjennom fjellet som synte at det er godt fjell å bygge i.

Ikkje minst no skulle det vere tid å sette i gong, sidan prosjektet er godt plassert i gjeldande Transportplan.

Men: For få veker sidan, då statsbudsjettet for 2020 vart lagt fram, konstaterte Finansdepartementet at skatteinngangen i år hadde skuffa. Anslaget for årets oljekorrigerte budsjettunderskot var auka med 3,5 milliardar kroner frå revidert før sommaren, «hovudsakleg som følgje av at skatteinngangen har vore noko mindre enn forventa», heiter det i Nasjonalbudsjettet.

To tunge komponentar hadde skuffa, moms og særavgiftene, og også skatteinngangen frå bedriftene. Departementet understrekar at skatteinngangen frå arbeidsgivaravgifta og frå lønnstakarane held «koken».

No viser SSBs skattestatistikk til og med september at veksten i innbetalte skattar heller aukar enn minkar. Etter tre fjerdedelar av året er totalveksten på 6,8 prosent. Samla så ventar Finansdepartementet ein vekst i skatte- og avgiftsbetalinga på 5,4 prosent.

Dessutan er det sterk vekst i skatteinngangen frå fastlandsføretaka og klar vekst i oljerelaterte skattar. Samla er desse opp over 14 prosent.

60 milliardar i ekstrainntekter er ikkje småpengar. Skulle det då ikkje vere rom for å nytte, 2,7 milliardar kroner på Stad skipstunnel?

2,7 milliardar er berre småtteri i forhold til dei pengane som vert brukt på trikkar, vegar og ikkje minst jarnbane på Austlandet. Det kjem aldri jarnbane på kysten. Sjøen er vår «jarnbane», og til ein billig pris.

Vi må sjølvsagt koste vedlikehald på jarnbanelinjene i Norge, og det same med asfalten på vegane. Slike kostnadar har vi ikkje på kysten. Stort sett er det automatiske fyrlys og andre lys. Hamnene må vi ta vare på.

Sjøtransport, og etter kvart vil elektriske- og hydrogen-drivne skip bli utvikla vidare. Det er miljøvenleg og å føretrekke.

Til å bygge tunnelen trengst det knapt ein 20.-del av det vi kan forvente av ekstra skatt og avgiftsinntekt på 60 milliardar i år. Er vi ikkje på hogget no, kan vi risikere at heile ekstrainntekta går til prosjekt på Austlandet.

Dette er ei utfordring til ordførarane. Kanskje burde vår Frp ordførar få med seg ordførarane på kysten. Og ikkje minst fordi det er Frp som har finansministeren, og gjerne også samferdsleministeren.

No er vi skuffa, men kanskje situasjonen kan endrast, og bli til glede for oss som bur på kysten.

Oppfordring: Ta tak no. Husk at dei har alt starta arbeidet med revidert statsbudsjett.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!