Rørvik godtek historia, men meiner den ikkje er relevant for spørsmålet om administrasjonsspråk i den nye storkommunen. Vi nøyer oss med tre faktorar.

For det første er det nok på tide at fleire i Ålesund erkjenner kva rolle nynorskbrukarar har hatt i denne byen over tid. Ingen av kritikarane av intensjonsavtalen har tidlegare erkjent dette. Denne historia er ikkje fortald før, og vi meiner den er både historisk viktig og er relevant no.

For det tredje avdekkjer historia om nynorsk i Ålesund at der er minst to former for språknøytral kommuneadministrasjon. Den eine er at ingen reglar finst og kvar tilsett skriv som ein sjølv vil. Den andre forma er at dei folkevalde fastset reglar for skifte mellom nynorsk og bokmål, eller delegerer til rådmannen å gjere det etter visse føresetnader. Der er nok også ei tredje form – kommunen reknar seg som nøytral, men føreset at alt er på bokmål.

Frå 1968 var Ålesund ein språknøytral kommune utan reglar. Fleire sentrale avdelingsleiarar brukte konsekvent nynorsk i vel 20 år til dei gjekk av med pensjon. Vi har ikkje systematisk undersøkt praksis dei siste tiåra, men alt tyder på at kommuneadministrasjonen i Ålesund har vore ganske så nynorskfri.

Medan Sunnmørsposten lyser ut alle journaliststillingar med krav om at ein kan skrive både bokmål og nynorsk, har nok ikkje Ålesund kommune stilt slike krav på lang tid. Resultatet kjem for ein dag no når den nye storkommunen skal ha ein del rutine- og styringsdokument på nynorsk. Slike finn ein ikkje i Ålesund kommune. Dagens tilsette får meirarbeid med å omsetje dokument fordi tidlegare leiarar og folkevalde ikkje har teke språkvedtaket frå 1967 på alvor. Det ser ikkje ein gong ut til at kommunen gir dei tilsette den leiinga og rettleiinga dei har krav på.

Dette må dei tilsette gjere fordi dei er der for innbyggjarane sin del. Ein språknøytral kommuneadministrasjon utan reglar vil aldri greie å oppfylle dei språklege rettane til innbyggjarane anten dei bur i Steinvågen eller i Steinshamn. Det kan berre ein kommune gjere med reglar og system for det dei tilsette skal gjere. Verre er det ikkje. Også det kan ein lære av historia om nynorsk i Ålesund, om ein vil.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!