Lesarinnlegg:

«Byhistorie og språknøytralitet»

Aud Farstad og Ottar Grepstad.  Foto: Privat/Tarjei Engeset Ofstad

Ytring

Ingen vil vel så tvil om at framstillinga er korrekt, skriv Tarald Rørvik 28. oktober om kronikken «Historia om nynorsk i Ålesund» 8. oktober. Det gler oss, for i denne debatten har det gjennom år vore sett fram mange grunnlause påstandar om historiske faktum i Ålesund.


Rørvik godtek historia, men meiner den ikkje er relevant for spørsmålet om administrasjonsspråk i den nye storkommunen. Vi nøyer oss med tre faktorar.

For det første er det nok på tide at fleire i Ålesund erkjenner kva rolle nynorskbrukarar har hatt i denne byen over tid. Ingen av kritikarane av intensjonsavtalen har tidlegare erkjent dette. Denne historia er ikkje fortald før, og vi meiner den er både historisk viktig og er relevant no.

For det andre er det ei historie å lære av med tanke på korleis Ålesund behandla Borgund politisk i 1966–67. «Ålesund kan få velge språket om vi får beholde navnet», sa dåverande rådmann Johs. Aspehaug i Borgund til Sunnmørsposten 28. oktober 1966. I staden tok den minste kommunen alt frå den største, både namnet, våpenet og språket. Den intensjonsavtalen som det nye politiske fleirtalet legg til grunn, er mykje betre balansert. Merkeleg nok er det den balansen som skaper strid.

Leserinnlegg:

«Jeg er mot tvang av enhver art, herunder også bruken av nynorsk»

Tilsvar til kronikk vedrørende nynorsk i nye Ålesund kommune.



Lesarinnlegg om nynorsk i nye Ålesund:

«Då Ålesund slukte Borgund»


For det tredje avdekkjer historia om nynorsk i Ålesund at der er minst to former for språknøytral kommuneadministrasjon. Den eine er at ingen reglar finst og kvar tilsett skriv som ein sjølv vil. Den andre forma er at dei folkevalde fastset reglar for skifte mellom nynorsk og bokmål, eller delegerer til rådmannen å gjere det etter visse føresetnader. Der er nok også ei tredje form – kommunen reknar seg som nøytral, men føreset at alt er på bokmål.

Frå 1968 var Ålesund ein språknøytral kommune utan reglar. Fleire sentrale avdelingsleiarar brukte konsekvent nynorsk i vel 20 år til dei gjekk av med pensjon. Vi har ikkje systematisk undersøkt praksis dei siste tiåra, men alt tyder på at kommuneadministrasjonen i Ålesund har vore ganske så nynorskfri.

Medan Sunnmørsposten lyser ut alle journaliststillingar med krav om at ein kan skrive både bokmål og nynorsk, har nok ikkje Ålesund kommune stilt slike krav på lang tid. Resultatet kjem for ein dag no når den nye storkommunen skal ha ein del rutine- og styringsdokument på nynorsk. Slike finn ein ikkje i Ålesund kommune. Dagens tilsette får meirarbeid med å omsetje dokument fordi tidlegare leiarar og folkevalde ikkje har teke språkvedtaket frå 1967 på alvor. Det ser ikkje ein gong ut til at kommunen gir dei tilsette den leiinga og rettleiinga dei har krav på.

Den nye storkommunen har fastsett reglar for bruk av nynorsk og bokmål i administrasjonen. Dei inneber at kommunen til skilnad frå dagens Ålesund systematisk må rekruttere medarbeidarar som kan skrive bokmål og nynorsk. Det betyr også at dei fleste tilsette skriv førstespråket sitt som før, anten det no er nynorsk eller bokmål. Nokon nynorskbrukarar må stundom skrive bokmål for at den enkelte innbyggjaren skal få sine rette svar, og nokon bokmålsbrukarar må stundom skrive nynorsk av same grunn.


Dette må dei tilsette gjere fordi dei er der for innbyggjarane sin del. Ein språknøytral kommuneadministrasjon utan reglar vil aldri greie å oppfylle dei språklege rettane til innbyggjarane anten dei bur i Steinvågen eller i Steinshamn. Det kan berre ein kommune gjere med reglar og system for det dei tilsette skal gjere. Verre er det ikkje. Også det kan ein lære av historia om nynorsk i Ålesund, om ein vil.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!