Bompenge-saka prega heile årets valkamp, og «Nok er nok»-partiet fekk ein betydeleg andel stemmer, mellom anna i Bergen og Stavanger. Men korleis ser det ut om ein samanliknar bompengar med ferjetakstar?
La oss ta eit døme: Taksten for ei bompassering i Bergen med dieselbil er kr 30, og kr 56 i rushtida. På dette får ein 20 prosent avslag om ein har avtale. Taksten er den same uansett talet på personar i bilen.
«Finare pakke gjer ikkje takstsjokket mindre»
Før dei nyaste nullutsleppsferjene kom, var Hareid-Sulesund-sambandet i takstsone 8. I den sonen må ein betale kr 124 for ein vanleg personbil ein veg og kr 45 for ein person.
«Erstattes Møreaksen og Hafast med Romsdalsaksen og Storfjordsambandet kan kostnadene nærmest halveres»
Samstundes vart Autopass for ferje innført i staden for det gamle Verdikortet. Dette kortet må ein, som for Verdikortet, betale inn fleire tusen i forskot til, for å få ut rabatten.
Det nye kortet er og slik at det ikkje står kva du har betalt på kvitteringa, du må inn på nettet for å finne ut av det, med tilhøyrande ekstraarbeid for den reisande.
I forslaget frå fylkesrådmannen til Økonomiplan med handlingsprogram 2020–2023 er det foreslått ei takstauke med ytterlegare ei sone, frå 10 til 11.
«Av alle fjordkryssingene på E39 så er det Hafast som har størst potensial for høy trafikkvekst»
Ferja Hareid-Sulesund går kvart 20. minutt og tek om lag 25 min, ei strekning som ein elles hadde brukt 6–7 minutt på, om det var veg med normal fartsgrense.
«Slik kan vi løse samferdselsutfordringene»
Etter klokka 19.40, er det ein time mellom kvar avgang. Ferjene på denne strekninga tar 120 bilar. Samanliknar ein så ferjestrekninga Hareid- Sulesund med bomringen i Bergen, så vert ferja på ein måte ein bom som på dagtid berre er open kvart 20. minutt.
Om kvelden kvar time og om natta enda verre; berre kvar 1 ½ time. Berre 120 biler får passere «bommen» av gangen, dei neste må vente i 20 min (eller 1 time eller 1 ½ time). I tillegg er prisen vesentleg høgare – i dei mest grelle døma – svært mykje høgare.
Medan bompenge-innkrevjinga som regel forsvinn etter ei 15 års tid, når sambandet er nedbetalt, så er det slik at systemet med ferjebillettane mest sannsynleg varer evig. Og vi sunnmøringar veit kor lenge evig er. Det er veldig lenge det.
«Alle fire bompengeselskapa må fusjonerast snarast»
Løysinga som kan gjere at vi kjem vekk frå «bompengar» til evig tid på kryssing av Sulafjorden, er Hafast! Hafast er framtida.
Det er fleire viktige argument for å få på plass Hafast.
Lage ein større døgnopen bu- og arbeidsmarknadsregion.
Effektiv transport for eit verdiskapande næringsliv.
Billigare og meir effektiv kvardag for folk flest.
Sjokktall for Hafast
-------------------------------------------
Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.