Møre og Romsdal står no i ei rekkje krevjande utfordringar. Høgreregjeringa har starta ei sveltefôring av kommunar og fylke.

Prisen må betalast av skuleelevar og alle som er avhengig av ferje.

Nødvendige investeringar må utsetjast. Samtidig må helseføretaket kutte, og ei rekkje statlege tenester og arbeidsplassar står i fare på grunn av sentralisering.

Arbeidarpartiet vil prioritere annleis. Vi legg no fram vårt budsjettalternativ for 2020, der vi legg inn fleire milliardar ekstra til kommunar, fylke og helseføretak.

Skal det bu folk i heile landet, må vi ha gode tenester nært der folk bur.

Det handlar om rettferd, og fridom for alle til å bu der vi ønskjer, har røtene våre og ser potensiale for å leve gode liv.

Sjølv om ein del av pakken er kutt for dei som har minst, og kutt i distrikta.

Det desentraliserte Noreg er ei suksesshistorie. Velstanden og velferda vår er summen av det vi skaper i heile landet. Eit land med arbeid og busetjing i store og små lokalsamfunn, er fundamentet for sterkt fellesskap og felles identitet. Framtidstru lokalt, gjer Noreg betre nasjonalt. Derfor er Arbeidarpartiet både byane og distrikta sitt parti. I generasjonar har vi vist at Noreg lukkast best når vi står saman - by og land.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!