Sats på distrikta - stopp kutta

Arbeidarpartiet legg inn fleire milliardar ekstra til kommunar, fylke og helseføretak i sitt budsjettalternativ for 2020, opplyser Fredric H. Bjørdal.  Foto: Staale Wattø

Leserinnlegg

Møre og Romsdal står no i ei rekkje krevjande utfordringar. Høgreregjeringa har starta ei sveltefôring av kommunar og fylke.

Prisen må betalast av skuleelevar og alle som er avhengig av ferje.

Nødvendige investeringar må utsetjast. Samtidig må helseføretaket kutte, og ei rekkje statlege tenester og arbeidsplassar står i fare på grunn av sentralisering.

Arbeidarpartiet vil prioritere annleis. Vi legg no fram vårt budsjettalternativ for 2020, der vi legg inn fleire milliardar ekstra til kommunar, fylke og helseføretak.


Ap, Sp, SV, KrF, V og MDG:

Vil opprettholde musikk, dans og drama i Ålesund og Volda, toppidrett i Stranda, matfag i Ørsta og Stranda og ysk-linja i Haram

Partiene som utgjør flertall i fylkestinget reduserer kraftig tallet på linjer som skal kuttes ved de videregående skolene.

Summen av kutt og nedskjeringar i offentlege tilbod som fylket vårt opplever, kan nemleg ikkje halde fram.

Skal det bu folk i heile landet, må vi ha gode tenester nært der folk bur.

Det handlar om rettferd, og fridom for alle til å bu der vi ønskjer, har røtene våre og ser potensiale for å leve gode liv.


Nordøyvegen:

Pendlarar kan få rekning på 80.000

Pendlarar på Nordøyvegen må rekne med å betale nær 80.000 kroner årleg i bompengar for personbil.

Vi møringar har i årevis stått på barrikadane og kjempa mot nedlegging og sentralisering. I periodar har det knapt gått ei veke mellom kvar gong vi opnar lokalavisene og finn noko nytt som skal kuttast. Ei hovudårsak er høgresidas ideologiske overtru på at berre dei rikaste får meir, så skal resten ordne seg.

Sjølv om ein del av pakken er kutt for dei som har minst, og kutt i distrikta.


Ferjeprisen kraftig opp

Ferjeprisen kraftig opp: – Vi er nødt til å gjøre det

Det går mot innføring av autopass-betaling på alle ferjene i fylket. Både Ap og Senterpartiet erkjenner at de ikke har andre muligheter.

Slik fungerer ikkje den verkelege verda. Kuttar du i distrikta, svekker du distrikta, så enkelt er det.

Det desentraliserte Noreg er ei suksesshistorie. Velstanden og velferda vår er summen av det vi skaper i heile landet. Eit land med arbeid og busetjing i store og små lokalsamfunn, er fundamentet for sterkt fellesskap og felles identitet. Framtidstru lokalt, gjer Noreg betre nasjonalt. Derfor er Arbeidarpartiet både byane og distrikta sitt parti. I generasjonar har vi vist at Noreg lukkast best når vi står saman - by og land.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!