Kvifor fjerne helsearbeidarfaget på Stranda når vi treng 36.000 helsefagarbeidarar i 2025? Helsefagarbeidarar er noko vi treng mange av om nokre år og er ei linje vi burde satse på i alle kommunar.

Helsefagarbeidar burde ikkje leggjast ned fordi i 2025 treng vi over 36 000 arbeidarar innan helse. Om helsefagarbeidar blir lagt ned, blir det vanskelegare å komme inn på helsefagarbeidarlinja andre plassar i fylket, og fleire kan droppe ut av skule for dei kjem ikkje inn på det dei vil. Det kan også gjer at dei set utdanninga si på vent. Det blir vanskeleg å få nok sjukepleiarar når eldrebølga kjem, som gjer at dei eldre ikkje får den hjelpa dei treng. Helsefagarbeidar er ei viktig linje som burde bli satsa på i alle kommunar.

Dette er kvifor fylkesmannen ikkje burde legge ned helsefagarbeidar linja på stranda vgs. Om dokke velje å legge ned helsefag på Stranda blir det mindre hjelp til dokke som då blir ein del av eldrebølga.

Emilia Lorentzen, Ella Martine Sylte, Thea Maria Walstad og Michelle Korsbrekke Jøsok

Elevar ved Stranda vidaregåande skule

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!