Ein lovnad som er broten. Skrekken for hybellivet, og fare for livet i bygda.

Då beskjeden om at den vidaregåande skulen i Syvde (Herøy vidaregåande skule, avdeling Vanylven) skal leggjast ned, vart det ein stor skuffelse. I ein alder av 15–16 år, er det å måtte flytte heimanfrå for mange noko ein absolutt ikkje er klare for.

Tilbod for pendling er her heller ikkje. Statistikk viser at jo tidlegare ein flyttar heimanfrå, jo mindre er sjansen for at ein kjem til å busette seg i bygda.

Korps, fotball og andre fritidsaktivitetar som ungdommen er med på å skape, er ein stor del som truleg vil forsvinne. Dette påverkar heile bygda vår.

Satse på ungdommen blir det sagt. Korleis vil dette då gå opp? Når tilboda ikkje er her lenger. Vi som har eit sterkt ønske om å få bu heime eitt år til, får ikkje moglegheit til det.

Vi er svært skuffa, eit løfte blir brote. Mange stemte kanskje på dette partiet fordi det vart lova eitt år til med vidaregåande skule i Vanylven. For oss dette gjeld, er det svært alvorleg at denne skulen vert nedlagd.

Tenk på ungdommen.

Charkris Igland og Hanna Linea TorvangerElevrådsrepresentantane frå Myklebust skule

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!