Lesarinnlegg:

«Eldrebølgja vil kome»

Eldrebølga: Kvifor fjerne helsearbeidarfaget på Stranda når vi treng fleire helsefagarbeidarar i framtida? spør innleggsforfattaren.  Foto: Illustrasjonsfoto

Leserinnlegg

Kvifor fjerne helsearbeidarfaget på Stranda når vi treng 36.000 helsefagarbeidarar i 2025? Helsefagarbeidarar er noko vi treng mange av om nokre år og er ei linje vi burde satse på i alle kommunar.

Om linja helsefagarbeidar blir fjerna på Stranda, er det mange som må pendle til Sykkylven eller Ålesund, eller flytte på hybel. Ikkje alle har økonomi til å flytte på hybel som 16-åring. Lang reiseveg gjer også at mange vurderer å droppe ut av skulen. Om ein må pendle kvar dag, tek det også vekk store delar av fritida, og mange av dei som flyttar på hybel blir sitjande aleine etter skulen fordi dei ikkje har nokon å vere med.

Stranda og Sykkylven

Skular kan bli slått saman

Felles vidaregåande skule for Sykkylven og Stranda, med ei avdeling kvar i dei to kommunane.


Helsefagarbeidar burde ikkje leggjast ned fordi i 2025 treng vi over 36 000 arbeidarar innan helse. Om helsefagarbeidar blir lagt ned, blir det vanskelegare å komme inn på helsefagarbeidarlinja andre plassar i fylket, og fleire kan droppe ut av skule for dei kjem ikkje inn på det dei vil. Det kan også gjer at dei set utdanninga si på vent. Det blir vanskeleg å få nok sjukepleiarar når eldrebølga kjem, som gjer at dei eldre ikkje får den hjelpa dei treng. Helsefagarbeidar er ei viktig linje som burde bli satsa på i alle kommunar.

Fylkespolitikarane blir ein del av eldrebølga og viss dei skal kutte ned helsefagarbeidar så får dei ikkje den hjelpa som han treng fordi at det er for mange eldre. Dei føretrekkjer å bygge ein veg og eit operahus i Kristiansund i staden for å prioritere utdanninga vår.

Her er de konkrete skolekuttene

Her er kuttlista til fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik som skal behandles politisk.


Dette er kvifor fylkesmannen ikkje burde legge ned helsefagarbeidar linja på stranda vgs. Om dokke velje å legge ned helsefag på Stranda blir det mindre hjelp til dokke som då blir ein del av eldrebølga.

Emilia Lorentzen, Ella Martine Sylte, Thea Maria Walstad og Michelle Korsbrekke Jøsok

Elevar ved Stranda vidaregåande skule


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!