Det har med rette vore mykje uro rundt ferjetenestene i fylket vårt i den siste tida. At ferjekostnadene skal auke, og ferjeavgangane bli færre, vekkjer naturleg nok motstand.

Kven eig problemet? Folk og næringsliv i fylket må betale for desse ekstra utgiftene, og det blir etter mitt skjøn feil. Når staten vil ha reinare ferjedrift, må han kome på bana og betale ekstrakostnadene. Frå før er ferjedrifta underfinansiert frå statleg hald, og no er det på tide at staten tek ansvar. Ein kan gjerne kritisere fylket og fylkespolitikarane, men det er etter mitt skjøn feil. Det er staten som må ta ansvaret og dekkje ekstrakostnadene. Jon Georg Dale, Helge Orten og Sylvi Listhaug m.fl. må no manne seg opp og kjempe Møre og Romsdal si sak. Eg helsar med glede kystopprøret leia av Odd Helge Gangstad.

Betaling av ferjekort: Før kunne du kjøpe ferjekortet direkte av matrosane på ferjene. I dag må du logge deg inn på datamaskinen, bestille og betale. Sameleis må du logge deg inn for å få oversikt over kor mykje som er att på kortet. Rett nok får du melding frå billettselskapet når det minkar på kortet, men dette er ikkje å lite på. I sommar fekk eg melding om at eg måtte fylle på kortet. Eg logga meg inn og betalte for nytt kort. Etter at eg hadde gjort det, såg eg at restbeløpet hadde vore 1500 kr. Eg må sjølvsagt klandre meg sjølv for at eg ikkje sjekka restbeløpet før eg betalte, men viss det blir sendt ut påminning, må det gjerast når kortet er nesten tomt. Kven sit att med renteinntektene for kapitalen som ved for tidleg varsel vert ståande inne? Etter mitt skjøn er dette ran av folk sine pengar, og selskap burde halde seg for gode til å drive slik butikk. Slik vil vi ikkje ha det, og her trengst ei innstramming.

Kven skal betale: Før var det slik at alle som fylgde ei ferje, måtte betale. No er det forslag om at ein skal berre betale for bilen, og passasjerane skal reise fritt. Etter mitt skjøn er dette ei meiningslaus ordning. Di færre som betaler, di høgare blir naturleg nok ferjebilletten. Dette vil m.a. gå utover næringslivet vårt som blir påført store ekstrakostnader. Bedriftene i kystdistrikta vil på denne måten få nye vanskar i den daglege drifta, og det er slett ikkje bra. I vår tid burde det ikkje vere vanskeleg å lage eit billetteringssystem der både bilar og passasjerar måtte betale. Truleg er det råd å lage eit system som kan brukast både til ferjer og bommar. Eg meiner staten bør ta ansvar og lage ei ordning der alle må betale, anten med kort eller brikke.

El-bilar og billig ferjebillett: El-bilar betaler i dag halv pris for ferjebilletten. Dette synest eg er ei meiningslaus ordning. Eg synest det er på tide at også desse betaler full billettpris. Mange av el-bileigarane har hatt råd til å kjøpe seg dyre Teslabilar, og då har dei også råd til å betale ferjebillett. At alle betaler sin del av fellesutgiftene, er ein god regel, som burde gjelde også i dag.

Petter HjørungdalStranda

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!