Eg har sjeldan sett eit så nedlatande og arrogant lesarinnlegg som stortingsrepresentant Marianne Synnes frå regjeringspartiet Høgre har i Romsdals Budstikke 25. november. Ein kan rett og slett stille seg spørsmålet om dette er Høgres svar på Marie Antoinette og hennar verkelegheitsoppfatting.

Hadde eg vore stortingsrepresentant Synnes, så hadde eg gått stille i dørene i denne saka. Som dei fleste veit er det ei kraftig underfinansiering av ferjedrifta frå staten, i størrelse 150 millionar- og fylkeskommunen må kutte på andre område som vidaregåande opplæring, ferjetilbod og vegvedlikehald for å kunne handtere det. Dette er på same tid som ein i regionreforma fordeler stort sett utgifter og ikkje oppgåver. Foreløpig i størrelse over hundre millionar i underfinansiering på dei nye oppgåvene frå staten.

Eg kan nemne i fleng. Fylkesvegadministrasjon, ihjelsarva hamner, næring og kultur. Ein må også ha i bakhovudet at partiet Høgre ikkje ynskjer å oppretthalde regionane, men å legge ned forvaltningsnivået. Då er det bra med sulteforing for å auke misnøya og kvaliteten på tenestene vi har moglegheita til å levere til våre innbyggjarar. Dette ser vi òg ved at Høgre ikkje har gitt ei krone i vekst i inntektsramma til fylkeskommunen i statsbudsjettet.

Det er ikkje til å tru at det skjer i næringslivsfylket Møre og Romsdal. Og akkurat der er eg heilt einig med Synnes. Innbyggjarane våre fortener betre! Dei fortener ei aktiv regjering – som legg til rette for betre og billegare ferjetilbod, som finansierer oppgåvene fylkeskommunen får, som får til betre samferdselsløysingar – og ikkje minst sørgjer for ein aktiv industripolitikk som gjer oss betre rusta for framtida, ved å dra nytte av den enorme kompetansen fylket vårt har.

Så kan det vere freistande å spørje om kva stortingsrepresentant Synnes har bidratt med for fylket sitt – anna enn å kopiere inn masseproduserte talepunkt frå Høgres Hus og håne billege sosialpolitiske tiltak for folk flest?

Erik KursetgjerdeFylkestingsrepresentant (Ap)

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!