Gjennom mange år så har ein redusert budsjetta i vidaregåande skule, og no er tålegrensa nådd. Dei kutta som Fylkesrådmannen foreslår til Fylkestinget er nødvendige for å få økonomien til fylkeskommunen på fote igjen, men følgjene for elevtilbod, gjennomføring i vidaregåande skule og tilgangen på læremiddel i skulen i Møre og Romsdal er katastrofal. Som fylkesskulesjefen seier det i avisa, så hadde ein valet mellom å redusere tilbodet av gode, men dyre, linjer for nokre grupper eller å redusere tilbodet for alle. Det er fylkestinget sin politikk og pengebruk som gjer at dette i det heile teke er ei problemstilling.

Innstillinga foreslår også å legge ned desentraliserte studieretningsfag i tredjeklasse for framandspråka tysk og spansk. Frå eit næringslivsperspektiv og ut ifrå eit globaliserings- og internasjonaliseringssynspunkt så er dette særs uheldig. Mange bedrifter i fylket handlar med kundar som har både tysk og spansk som morsmål. I tillegg får studentane språkpoeng/tilleggspoeng for å ta denne fordjupinga på linje med den dei som tek realfag får. Her tek ein frå elevane som ikkje er interessert i realfag sjansen til å få den høgste framandspråkfordjupinga og ekstrapoeng på vitnemålet.

Reint generelt er vi, til liks med ein samla vidaregåande skule i fylket, sterkt uroa over den underfinansieringa av skulen som ein her legg opp til. Når 94 prosent av utgiftene til vidaregåande skule er lønn, så seier det seg sjølv at lærarar vert sagt opp. Eit resultat av dette, utover signaleffekten dette gir til dei som vil inn i yrket eller som er nyutdanna og misser jobben, er at kvaliteten på skulen går ned. Den viktigaste faktoren for elevane si læring er læraren og relasjonen elevane har til læraren. Auka klassestorleik og færre lærarar betyr i klartekst at elevane opplever dårlegare kvalitet i skulen. Ein greier ikkje å organisere seg ut av dette problemet. Med den pengebruken fylket har lagt opp til, fryktar vi for fagtilbodet til elevane, gjennomstrøymingsprosenten i vidaregåande skule og evna til å fylgje opp både opplæringslova og forskrift til opplæringslov i framtida. Det er naivt å tru at det å spare pengar ikkje går ut over tilbod og kvalitet på opplæringa.

Særs viktig blir det framover å halde oppe tilbod i berekraftige distriktsmiljø, jf. Søre Sunnmøre sin historikk kring innovasjon og nytenking for å skape levande fag- og arbeidsmiljø med god rekruttering.

Skrive av:Utdanningsforbundet ved Ulstein vidaregåande skule, ved Nils Olav BrekkeNorsk Lektorlag ved Ulstein vidaregåande skule, ved Alexander PausTidlegare elevar ved Tekniske Allmenne Fag, Ulstein vidaregåande skule:Erlend Barstad, Student, M.Sc. Kybernetikk og Robotikk.Ole-Martin Steinnes, Kongsberg MaritimeMagnus Erstad, Student, B.Eng. ProduksjonsteknikkMalene Liavaag, fagarbeidar i Kleven Verft AS (i studiepermisjon) og student innan industridesignHåkon Dalbakken, Student, M.Sc. Produktutvikling og Produksjon.Andrew Kleven, Student, cand.psychol. Psykologi ProfesjonsstudiumJakob Torben, Student, BSc PhysicsHåkon Elias Kjellstad, teknikar

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!