Frå bokmålsfolk får vi stadig høyre at nynorsken blir tvinga inn på dei, særleg er det ofte å lese i Sunnmørsposten. Dersom det verkeleg var slik, ville dei hatt mi medkjensle. Men det har eg ikkje, for det er nynorskfolket som blir utsette for tvang. Eg skal la vere å minne om at nordmennene måtte finne seg i at dansk mål var einerådande i alle fall frå 1500-talet og dei følgjande fire hundreåra til slutten av 1800-talet. Norske bønder måtte skrive dansk, for dei hadde ikkje noko anna skriftspråk.

Men mange kjende nok dansken som ei tvangstrøye, dansk var ubrukeleg når dei skulle skildre norsk arbeidsliv. Då sprengde talemålet på. Eg har skrive ei bok som heiter Skrivande bønder (2003). I slutten av boka er der eit kapittel som heiter «Norvagismar frå tida 1600 – 1850». Der fortel eg om bønder som bryt ut av den danske tvangstrøya og brukar dialektord i staden. Bønder frå Bjørkedalen i Volda skriv at dei la seg «att og fram», dei brukar avsølt for skuggeside, ei badstove, bli vár (merksam), «e kan leggje de på kne» (ølbollerim), hugse (da. huske), krækjebær osv.

I fedrelandssongen er der einskilde strofer som viser at Bjørnson hadde langt igjen før han kom i kontakt med folkemålet han var oppvaksen med (Nesset prestegjeld):

Kvinder selv stod op og strede

som de vare Mænd,

andre kunde bare græde,

men det kom igjen.

Han skriv også «fra dets Høje Sverre talet /Roma midt imod.» (Legg merke til «talet» og «imod»). Eg er sikker på at dei fleste vil tru at «fra dets Høje» tyder «frå høgdene, frå det høge», men det tyder frå «dets» d.e. fedrelandets haugar»; for dansk «en Høj» er ein haug. Bjørnson hata landsmålet, det fekk Anders Hovden erfare; og Bjørnson skreiv gladeleg dansk. Til og med Ivar Aasen måtte skrive dansk før han hadde reist landsmålet på beina. Hans Ordbog over det norske Folkesprog (1850) har forklaringar og definisjonar på dansk, som han meistra til fullnads. Det er kome framlegg om at Stortinget skal gjere «Ja, vi elsker» til nasjonalsong, slik han faktisk er i dag. Eit tvilsamt forslag. Då ville vi hindre andre forslag til nasjonalsong, noko som kanskje trongst?

Attende til spørsmålet om tvang. Det er det sosiale presset frå bokmål, frå majoritetsspråket, som er tyngst å takle for nynorskbrukarane. Mange som har nynorsk som sitt naturlege skriftspråk, gir opp nynorsken, mindretalsspråket, og sparer seg med det for mange suter. Ein vel alltid den mest behagelege leia.

Det viser seg særleg klårt ved innrulleringa i det militære. Berre 8–10 prosent er modige nok til å vedkjenne seg nynorsk, trass i at det nok vekkjer oppsikt hos hopen av bokmålsbrukarar som står omkring. I grunnen er nynorskprosenten forbausande høg, situasjonen teken i betraktning.

Lat oss slå fast at bokmålet har tent på samværet med nynorsken. Det er nynorskens forteneste at bokmålet har kvitta seg med dei mest typiske danske målmerka. Men eg skulle ønskje at folk slutta å snakke om tvang. Er det nokon som opplever tvang, så er det nynorskbrukarane.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!