No trur eg ikkje at bokmålsfolk treng å bli kvotert inn i offentleg forvaltning. Eg trur også at di meir folk kan, di betre arbeidstakarar er dei. Kvifor skal vi tvinge på innbyggarane i Ålesund tilsette som ikkje kan språket deira?

Eg meiner eg har ei raus haldning til innvandrarar, eg er til og med gift med ein, men grensa går ved å bli tvinga til å gje frå meg språket mitt av di det kjem innvandrarar til landet.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!

Aud Farstad, Ålesund. Foto: Pressefoto.