VTI – Symjing etterlyser og bed om snarleg gjennomføring av til tidlegare politiske vedtak, vedteke av folkestyret sitt øverste organ, Kommunestyret av 20.06.2019.

Som dei fleste skal vere godt kjende med; Symjehallen i Volda vart stengt på dagen 13.05.2019. Tilstanden var allereie då varsla å vere i særs dårleg teknisk stand. Ref. tidlegare rapportar utført for byggeigar Statsbygg. Volda kommune var då også kjent med at Statsbyggg av same grunn ville ta Symjehallen ut av drift 31.12.2020

Volda Kommunestyre 21.06.2018 fatta då slikt vedtak:

- Kommunestyret tek Analyserapporten frå Asplan Viak til vitande.

- Kommunestyret bed rådmann, med bakgrunn i saksutgreiinga og analyserapporten frå Asplan Viak, om å utarbeide romprogram og skisseprosjekt for eit nytt badeanlegg i Volda, knytt Volda Campus Arena. Badeanlegget skal ta utgangspunkt i anbefalt program, men med minimum 12,5 m breidde på 25 m bassenget.

- Ulike behov og løysingar skal utgreiast og tilpasningar i høve Volda Campus Arena skal vurderast. Det skal gjerast faglege og kostnadsmessige vurderingar, og ein skal så langt som råd er avklare økonomisk medverknad frå andre. Ein bed om at m.a. problemstilling rundt bruk av stupetårn og 12,5 m breidde på bassenget vert vurdert.

- Rådmannen skal knyte til seg representantar frå brukargruppene og nødvendig badfagleg rådgjevingsekspertise i arbeidet der tekniske løysingar blir sett på. Bed om at svømmeforbudet sentralt, og erfaring frå nyleg bygde basseng m. bl.a. hev og senk og delevegg funksjon vert vurdert.

- Romprogrogram med skisseprosjekt og kostnadskalkyle vert å leggje fram innan 01.06.2019. I samband med idrettshallen, så føreset Kommunestyret at tilrettelegging for påbygg av svømmehall og grensesnittet mellom desse to anlegga vert ivarteke.

- Kommunestyret vil vurdere utbygging i samband med handsaminga av komande budsjett og økonomiplan.

K-styre vedtak av 20.06.19

- Volda kommunestyre bed administrasjonen om å starte opp eit prosjekt knytt til realisering av nytt symjeanlegg i Volda sentrum

- Prosjektet skal startast opp hausten 2019 med sikte på raskast mogleg gjennomføring og realisering.

- Prosjektet skal køyrast i kommunal regi der innovasjon og samspel står sentralt i det vidare arbeidet. Prosjekta Volda Campus Sparebank 1 Arena, ny ungdomskule og nytt symjeanlegg skal ha høgast intern prioritet framover.

Det føreligg framleis ikkje noko form for skisseprosjekt eller lagt fram grunnlag for val av konsept. Vi er no 7 mnd etter stenging av symjehallen, og 11 mnd til Volda Campus Sparebank 1 Arena står ferdig og klar til bruk.

Vi ser det som eit klart lyftebrot at dei politiske vedtaka om nytt symjeanlegg ikkje vert fylgde opp.

I forslaget til budsjett for 2020 kan det synest som administrasjonen har gjennomført eit konseptval utan at dette er kommunisert nokon stad, korkje ovanfor folket eller dei folkevalde.

Alternativt er det ikkje gjort nokon som helst vurdering knyttt til den samla avsetninga for investering på 57 mill, som elles er ei stor nedskalering frå sist vedteke økonomiplan.

Slik vi tolkar budsjettet så har administrasjon lagt seg på tilsvarande budsjettramme som Ørsta kommune si vurdering for investering i deira sokalte «rimelegaste og enklaste alternativ», med nettokostnad kr 52,5 mill (etter fråtrekk for spelemidalr og mva)

Vi oppmodar Volda kommune om å ta saka på det største alvor med omsyn til det verdifulle kompetansemiljøet og tilbodet som står i fare for å verte rasert, - og at ein nyttar seg av den oppsida Volda førbels har som skulesentrum med m.a. ei stor god lærarutdanning der symjeopplæring er sentralt.

Vi meiner prosess og innhaldet til det nye Voldabadet vert strategisk viktig for utviklinga av Volda i ambisjonen om å vere eit regional senter for helse og utdanning og ein stad folk skal ynksje å arbeide og bu.

Om ein skal få bygd eit «Voldabad - for alle» slik analyserapporten frå Asplan Viak rår til, - og syter gjennomføring av politiske vedtak, signal og lovnader, er det heilt avgjerande at det vert gjort endringar i økonomiske rammer både i budsjettet for 2020 og i økonomiplan 2020-2023.

Vi bed med dette om at budsjettet for symje – og badeanlegg i økonomiplanen for 2020-2023 vert endra frå 57 til 88 mill, der 20 mill av auken må ligge i budsjettet for 2020.

I vedtaket frå juni i år står det klart at innovasjon og samspel skal vere sentralt i prossesen mot løysing. Vedtaket må også etterlevast slik at ein nettopp kan oppnå den meirverdi i konseptutviklinga som kompetansen og engasjement i Volda gjennom VTI-Symjing, idrettsmiljøet og innbyggarane.

Vi håpar at etablering av det nye Voldabadet straks og gjennom kommunestyre og budsjetthandsaming 12.12.2019 kan kome på rett spor. Det handlar om Volda sitt omdøme.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!