Harald Austvik i Statens vegvesen i Molde hadde eit innlegg i Smp der han i eit svar på eit innlegg eg hadde gir eit estimat på kva det vil koste å utgreie Romsdalsaksen, han skriv.

«Vi antydet at å utrede Romsdalsaksen gjennom konseptvalgutredning, kommunedelplan og reguleringsplan kan ta inntil 10 år og koste 750 millioner kroner.» Vidare skriv han: «I en eventuell ny konseptvalgutredning må vi ikke bare se på flytebruer, men også andre rørbruer og tunnelalternativer. En slik utredning og videre planlegging ligner mer på utredning av Bjørnafjorden mellom Bergen og Stavanger enn planlegging av Møreaksen.» Videre skriv Harald Austvik «For å utvikle teknologien som skal til for å krysse Bjørnafjorden har Vegvesenet til nå brukt om lag 800 millioner kroner.» Dette er feil, det rette talet er om lag 553 millionar kroner.

Statens vegvesen i Molde brukar for høge tal for utgreiinga for å krysse Bjørnafjorden, er det for å prøve å rettferdiggjere dei 750 millionane som dei hevder kostnadane vil bli for å konsekvensutgreie Romsdalsaksen? Eg sende spørsmål til Statens vegvesen vest der eg spurde om kor mykje Statens vegvesen har brukt til utgreing av Bjørnafjordkryssinga.

Eg fekk svar frå Kjell Håvard Belsvik prosjektleiar bru over Bjørnafjorden. Han skriv: «Planlegging av Hordfast er aller mest knytta til konseptutvikling for brua over Bjørnafjorden. På Bjørnafjorden er det nytta følgande frå 2012 og fram til no:

1. Røyrbru: Omlag 50 millionar (Avslutta 2016)

2. Hengebru med flytande tårn (TLP): Omlag 50 millionar (avslutta 2016)

3. Flytebru: Omlag 370 millionar (inkludert 2019)

4. Meirverdiavgift: Omlag 83 millionar

5. Det er også knytta ein del kostnader til eigenbemanning.

Som ein blir summen om lag 553 millionar kroner, ikkje 800 millionar som Harald Austvik i Statens vegvesen i Molde skriv.

Statens vegvesen i Molde kan ein ikkje stole på, dei kan ikkje ha ansvaret for utgreiiga av Romsdalsaksen, dei er inhabile.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!