Konklusjon så langt: Dette vart for vanskeleg, dette forstår vi ikkje, dette må vi kome attende til. Dermed fekk administrasjonen det slik dei ønskte. Budsjettet skal så leggjast ut til høyring. Du og eg og fleire til kan få kome med innspel til eit dokument dei valde politikarane våre ikkje forstod i første runde.

Eg svingar innom fylkeskommunen. Her har vi også den same prosessen. Pengane strekkjer ikkje til, nedskjeringane står i kø. Vi har vel aldri hatt så store tal på inntektssida, likevel må det skjerast og kuttast i ei rekkje viktige formål. Fortvilt vert det prøvd å auke inntektene i tillegg, medan renter og avdrag gjer nye byks oppover. Forståsegpåarar stridast om årsakene til denne vanskelege situasjonen. Den debatten skal eg ikkje ta her. Eg vil derimot kome med eit par innspel. Skjer ikkje i midlane til utdanning for ungdommen vår. Det er ris til oss alle. La våre helseføretak få nødvendige ressursar, eldre og sjuke må få den hjelp dei treng. På utgiftssida må det då sparast. Det aukande byråkratiet må ta hovudstøyten.

Heilt til endes: Nordøyvegen er eit prisverdig tiltak, som kostar dyrt. Dette burde vere Staten si oppgåve å finansiere.

Konklusjon: Eg anar ein god porsjon sentralisering i skulekutta, busstilboda, ferjeprisane og helsetilboda. Alle motkrefter må engasjerast!

Takk for denne gong med sitat av Ivar frå Hovdebygda: «Til lags åt alle kan ingen gjera.»

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!