Denne veka kom den endelege beskjeden om at Herøy vidaregåande skule si avdeling Vanylven skal leggjast ned.

Er desse kronene verdt meir enn oss? Korleis skal dokke følgje opp dei elevane som fell ifrå? Korleis har dokke tenkt å gjere det med oss som ikkje er klare for hybellivet, i ein alder av 15 år?

Vi har sendt fylkestingspolitikarane mange seriøse førespurnader, men har ikkje fått eitt einaste svar. Vi har brukt både mykje energi og tid på dette. Vi krev å bli sett og høyrt på. Skal vi bli pissa på sånn? Vi er trass alt framtida!

I denne alderen er psykisk helse noko som for veldig mange er utfordrande. Det å måtte flytte heimanfrå er for mange ei stor belastning. Men det er jo ikkje alle som treng å bekymre seg for å flytte på hybel, fordi det slett ikkje er alle som kjem til å få seg ein plass å bu.

Vi krev skuleskyss. For eksempel at det kjem ein minibuss å hentar oss nærme døra vår, og køyrer oss til skulen og heim att. Korleis skal vi då gjere det med mat? Skal vi ha med tre nistepakkar slik at vi held oss mette ein heil dag? Eller får vi pengar til å kjøpe oss mat?

Vi krev svar no. Vis respekt for ungdommen!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!