For mange born er det største juleønsket kvit jul. Det er ikkje for å kunne bruke ski og kjelke, men å vere saman med edruelege foreldre. Kvite dagar er eit omgrep som er mykje brukt om alkoholfrie dagar. Born ønsker vaksne som er til stades og som ter seg normalt og er hyggjelege. I desember blir det drukke dobbelt så mykje alkohol som i dei andre månadene i året. Juletradisjonane er fuktige i mange heimar, og mange born gruar seg til jul på grunn av drikkinga til dei vaksne.

Dei siste vekene før jul har IOGT Kvit jul-aksjonar landet rundt. IOGT har stand og oppmodar foreldre og andre vaksne om å skrive under på Kvit jul kontrakt om å ikkje drikke alkohol når dei er saman med born i jula.

Målet for kampanjen Kvit jul er å få fleire vaksne til å drikke alkoholfritt i jula. IOGT Region Midt-Norge, som omfattar Helgeland, Trøndelag og Møre, vil i november og desember ha standar ulike stadar. Foreldre og andre vaksne blir oppmoda om å skrive under på at dei ikkje vil drikke alkohol når dei er saman med born i julehelga 23.–26. desember.

Ser du ikkje nokon IOGT-stand og får skrive under på ei Kvit jul-kontrakt, kan du avtale med deg sjølv at du lar vere å drikke alkohol når du er saman med barn i jula. Det vil gje barna tryggleik og velvære. Kvit-julkontrakten kan du og signere på nett. I fjor signerte over 17.000 vaksne på at dei ville ha kvite juledagar saman med born.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!