«Trafikk og alkohol høyrer ikkje saman. Det er alle samde om», vil mange hevde. Likevel melder politiet kvar veke om folk som blir tatt for promillekøyring, og årleg blir det gjennomført mange tusen bilturar av folk med promille i blodet. 20–30 prosent av dødsulykkene i biltrafikken har direkte samanheng med ruskøyring. Og på sjøen har det til no vore uråd å få til politisk semje om effektive promillegrenser.

«Idrett og alkohol høyrer ikkje saman. Det er alle her samde om», heiter det. Men trass i tydelege vedtak frå olympiatopp og idrettsting sikrar mange fotballklubbar seg skjenkeløyve til klubbhus og tribunebygg. Og store skihøgdepunkt som Holmennkollrenna får årlege oppslag om øltelt og fyll i og rundt løyper og bakke. Også utover landet blir skianlegg stengt og ungdom av og til vist bort for at «skifolket» som har etterlyst det skal få «anledning til å ta seg en halvliter».

«Alle veit at samværs- og oppvekstmiljøa for barn og ungdom skal vere rusfrie». Likevel ser vi årleg at mindreårige får kjøpt alkohol på bortimot halvparten av daglegvarebutikkane i fylket vårt som sel øl, og at debutalderen for alkohol er 15–16 år, trass i aldersgrensa på 18 år. At enkelte ungdomsparti også prøver å bruke skoleval-debattane på vidaregåande skole til å argumentere for lettare tilgang til cannabis, gjer det ikkje lettare å verne om dei rusfrie ungdomsmiljøa.

«Alle veit at seksuell trakassering ikkje skal skje». Men likevel skjer det alt for ofte, ikkje minst i tilknyting til julebord og «festleg» lag, og til og med blant kulturpersonar og stortingspolitikarar. I ei lang rekke av metoo-sakene er alkoholen «elefanten i rommet», som gjer at elles hyggelege og skikkelege folk ikkje til ei kvar tid har klart for seg det som «alle veit.»

Jule- og nyttårshelga «Kvar skal eg vere på nyttårskvelden?», spurde ein lesar i lokalavisa i Molde for nokre år sidan. Som tidlegare rusmisbrukar og usikker på alkoholkontrollen sin var han redd for alle dei forventningane og det drikkepresset som låg over alle restaurantane og skjenkestadene i byen på ein nyårskveld. For korleis tar vi vare på dei rusfrie møte- og samlingsstadene i lokalsamfunna våre?

Det er viktig at trafikkmiljøet, arbeidsplassane, oppvekst- og møteområda for barn og ungdom, arenaene for idrett og friluftsliv og for båt- og badeliv blir skjerma mot rusmiddelbruk. Verneområda treng sikrare status – og fleire må sjå at det er verdifullt for oss alle at vernestatusen ikkje blir undergrave av gråsoner, uklare prinsipp og kortsiktige økonomiske interesser.

Det kan vere eit godt ønske for jula og det nye året!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!