Dei partia som mange ønskjer å samle under paraplyen borgarlege har fleirtal. Regjeringa derimot har gått gjennom endringar på ulike måtar: Vi har opplevd at FRP ikkje vil vere med lenger. «Regjeringa har blitt grå og ønskjer ein terrorist velkomen attende til landet vårt.»

Takk til dei tre partia som såg det nødvendig å setje eit barn si helse og oppvekst framfor ørkeslause om og men. Vi har fått ei mindretalsregjering der H, V og KRF (+ Frp?) utgjer grunnlaget i Stortinget. Eg vil straks gje til kjenne at regjeringar med eit stortingsmindretal bak seg tiltalar meg. Vi har hatt det ofte tidlegare. Det gjev større grunnlag for at våre direkte folkevalde får meir innverknad. Som no ein partilaus, men tidlegare støttespelar til Venstre, vil eg også sveipe innom personvala som vart gjennomførte av Erna & co.

Høgre:

Eg er spent på korleis Jan Tore Sanner vil ta seg av sitt nye departement – finans. Kanskje han vil finne noko etter Siv sine over seks år ved styringa? Nikolai Astrup skal ta over oppgåvene i høve dei 356 kommunane og 11 regionar. Vi treng å mobilisere mot Høgre sine draumar om å få talet nedover. Så har Linda Helleland fått ansvaret for distrikta. Eg er spent på kva dette nye her vil innebere.

KRF:

Knut Arild Hareide skal ta over dei mange samferdselsprosjekta som er å finne i skuffer og skap etter voldingen Dale. Samferdsel er viktig for mange, og Hareide er både omstridd og for mange ein dyktig politikar. Han har trass alt fått plass i si draumeregjering – godt gjort!

Venstre:

Ola Elvestuen er ute og får oppgåver store nok i Stortinget. Sveinung Rotevatn med aner frå Volda får no sin store sjanse – spennande. Til slutt her må vi bruke nokre ord på Abid Raja, ein politikar litt ulik dei fleste andre. Eg vonar sterkt at han ikkje legg vekk sine klare og rett på sak uttalar i sin vidare politikarkarriere.

Nokre saker -frå den politiske kvardagen må eg sjølvsagt innom:

Sentralisering. Eg vonar at Regjering og Storting finn fram bremsepedalen og tek den negative utviklinga landet vårt har opplevd gjennom store setraliseringsreformer på alvor. Kva vil vi med landet vårt? Nokre få folkerike byar og distrikt der menneska ikkje lenger finn gode nok levekår. Eg siterer frå Smp: «Det er ikkje folket som flyttar frå distrikta, men politikarane som flyttar folket!» Arne Hanssen avsluttar: «Distrikts-Norge startar når toget har passert Lillestrøm, og der bor vi!» Godt og treffande sagt!

Litt lokalt: Hareide skal truleg også sjå fram til å krysse Romsdalsfjorden ferjefritt. Her må vi mobilisere for Romsdalsaksen. Få Hareide til å vende dei djupe og lange undersjøiske tunnelane ryggen.

Lokale statsrådar: Vi har hatt fire FRP-statsrådar frå Møre og Romsdal dei siste åra. Desse er no historiske, så langt. Fylket vårt må no nytte andre kanalar og personar. Kanskje det går bra tross alt, sjølv utan at Helge Orten fekk plass rundt Kongens bord.

Listhaug uttaler: «Vi (Frp) har sluppe ut av fengsel!» Ein utruleg uttale – 6 års fengsel – ei lang straff, men kvifor?

Vi let Regjeringa og kvar einskild statsråd få sin sjanse. Alle som vågar, fortener det.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!