Det er sjeldan på våre kantar at ordensmakta må kome for å løyse opp blokkering av ferjetrafikk i samband med ei utbygging. Det skjer når Haram vindkraftverk no skal byggast. Vanlegvis er vi sunnmøringar stolte av nybygg, innovasjon, næringsutvikling, ny teknologi og alt vi kan skape verdiar av. Det er grunn til å stoppe opp å lytte når noko uvant og utypisk skjer.

For no har vi sett eit nytt karaktertrekk med øybuaren og sunnmøringen, som ifølgje økonomisk historie var den første til å skape store verdiar rett ved føtene av vindmøllene etter at Storegga vart funnen. Det var her det moderne fiskeri byrja. Viljen til å stå opp for kulturlandskap, for eit unikt og ikonisk kystlandskap med kulturminne på verdsarvsnivå, for natur- og miljø, mot støy og for artsmangfald, mot varige irreversible naturinngrep. Det har vi i Ålesund KrF merka oss, og vi forstår reaksjonane.

La det ikkje vere tvil om at den lovgivande makta og den utøvande makta i Oslo har lagt til rette for dette. Slik sett må vi ikkje rette bakar for smed ved å angripe dei som køyrer for eller arbeider for utbyggjaren. Men så må heller ikkje dei skuve nokon framfor seg. Det er positivt at utbyggjaren Zephyr og Nei til vindkraft er i dialog.

Ålesund KrF meiner at den dømande makta no bør på banen, for å kaste lys og vekte argument over ei sak med mange prinsipielle sider. Ikkje for å rote opp grums i fortida, men for å gå rank og fri inn i framtida. Var vindkraft Soria Moria som vi trudde ved tusenårsskiftet? Ein god rettsprosess vil kunne kaste lys over ny kunnskap som har kome fram i prosessen og om den er blitt teken opp og blitt etterlevd etter lover som ikkje berre sikrar utbygging, men naturmangfald og mennesket.

Det er noko heilt anna som kjem på Haramsfjellet enn det som vart planlagt for 15–20 år sidan. Det er store planar for vindkraft, elforsyning og miljøvennleg, fornybar energi, men det er pressa inn på eit for lite og sårbart område. Støy, visuell forureining, lyskast, forstyrring av radarsignal og rotorar som kan drepe eller skade fugl (Store norske leksikon).

Ålesund KrF helsar derfor velkomen ein uavhengig og rettferdig rettsprosess der ein ser på mellom anna endring av naturreservatsgrensene, mangel på involvering av rettigheitshavarar, mangelfullt avgjerdsgrunnlag for å nemne noko. Det er naturleg å setje planane på vent til ein rettskraftig dom er falle. Det er kanskje ikkje gratis, men det er vist og klokt. Staten bør bere kostnadane.