Vi har fått ein ny stor kommune, og alt skal bli så mykje betre. Alle politikarar skryt av kor godt dei vil gjere det for oss gamle. Så det er vel berre å sjå lyst på framtida. Men eg tillèt meg no likevel å kome med nokre tankar basert på erfaringar frå «gamle» Ålesund. Og eg klagar ikkje. Vi selde huset i tide og flytta i leilegheit rimeleg sentralt i byen. Vi slapp store omkostningar med tilpassingar når kona mi fekk hjerneslag og blei sitjande i rullestol. Hjelpa frå heimetenesta i kommunen gjer at ho kan bu heime. Vi skaffa oss ein bil som rullestolen går inn i. Så vi kan stort sett ta oss rundt på eiga hand. Og no har eg fått forlenga sertifikatet med tre år. Så om helsa held og haudet ikkje streikar, ser det lyst ut for ei stund til. Eg er så gammal at eg hugsar korleis det eingong var. Og det har gått framover.

Men situasjonen har gitt meg erfaringar som gir grunnlag for å reflektere over eldreomsorga. Eg har også hatt høve til å møte jamt i Eldrerådet i «gamle» Ålesund kommune i fire år. Det var, og framleis er, mange gode tenester som vi som eldre kan nytte oss av i kommunen, og jamt over er vi blitt møtt av mange hyggeleg folk som vil gjere sitt beste. Men eg møter stadig eldre som er engstelege for kva som vil skje med dei i åra som kjem. Som føler seg på sida av samfunnet på grunn av kravet til kompetanse når det gjeld t.d. data, som ikkje lenger kan ta bussen eller parkere bilen fordi dei ikkje taklar dette med «appar» som skal brukast over alt. Eller det aller verste – redselen for at dei ikkje lenger kan få køyre bil og ta seg rundt. Isolasjon og einsemd blir meir og meir påtrengande.

Eldreomsorg har ikkje vore gløymt i «gamle» Ålesund. Det har ikkje mangla på planar, godvilje og godord. Vi har hatt både omsorgsplan og «bustadsosial handlingsplan», og ei arbeidsgruppa som i 2019 kom med ein plan for «implementering av kvalitetsreforma for eldre». I alle planane står det mykje fint. Det er ikkje godvilje det har mangla på, men ei forståinga av kva det inneber å bli gammal utover det at ein etter kvart kan bli pleietrengande. Den nye vidunderlege storkommunen skal bli ei «eldrevenleg» kommune, men kva inneber no det?

Det som går att i planane er at all drøfting og organisering av omsorga er basert på administrasjonen og tilsette sine premissar. Brukarperspektivet manglar stort sett over alt. Samansettinga av utvalet som såg på implementering av kvalitetsreforma synleggjer dette godt. Ikkje mindre enn 13 ulike instansar, kontor eller verksemder var med. Og då var langt frå alle med. Eldrerådet eller andre som skal representerte brukarane var ikkje med. Heller ikkje Ålesund kommunale eigedom (ÅKE), som er blitt den viktigaste leverandøren av premissane for eldreomsorga i Ålesund. Politikarar, som skal lunne ha eit overordna syn på eldreomsorg, mangla også. Eldreomsorg blir sett på som ein reint administrative tiltak.

Alle desse 13 instansane, og fleire med, driv stort sett si eiga eldreomsorg. Der er ikkje noko kontor eller avdeling med eit overordna ansvar. Det er opp til kvar verksemd eller avdeling å drive slik dei syns er best innfor sine økonomiske rammer. Det mest overordna kontoret ein har er «tildelingskontoret» som driv eldreomsorg etter forvaltningslova. Eldrerådet, som skal vere kommunen sitt rådgjevande organ, er av alle ting plassert under «Komité for kultur or medborgarskap», medan dei fleste «verksemdene» som er involverte i eldreomsorg er organisert under «Komité for helse- og omsorg». Snakk om å sette brukarane på sidelinja.

Det er nok meininga at den nye kommunen skal ha ein gjennomgang av eldreomsorga Dei ulike kommunane som no utgjer Ålesund kommune hadde sine ulike måtar å vareta eldre på. Vi får i alle fall håpe at vi kan få ei eldreomsorg som bygger på det beste frå kvar kommune, og ikkje berre det som er billigast og høver best for administrasjonen og dei tilsette. Kanskje også kan vi få ei utgreiing som bygger på dei eldre sine premissar?