Sjøholt sentrum er tema i mine kommentarar denne gongen. Eg har tidlegare gjeve uttrykk for at E39/E136 må leggjast utanom sentrum og næraste omegn. Dette ville gjere det lettare å utvikle eit sentrum i bygda vår som vi kan vere stolte av. Planar er laga seinast gjennom prosjektet til Runa Klock m.fl. Mange flotte tiltak ventar på gjennomføring.

Mykje er også gjort som vi kan vere stolte av. Her nemner eg ein del av det som særpregar sentrum. Småbåthamna med nærliggjande område, Parken på Måsøyrane, Elvastien, ei vakker kyrkje og ein velstelt kyrkjegard, Busshaldeplass (diverre utan venterom/toalett), eit velstelt hotell (her manglar innhald), eit rimeleg godt vegnett med gode oppmerkingar, mange velstelte private eigedomar, kafe og butikkar som dekkjer viktige behov for oss som bur her, ei gryande interesse for grøne lunger og plantingar. Ikkje lite dette!

Sør for Stopp 69 finn vi eit areal som eg tidlegare har kalla «Dei tusen sjøars land» – spesielt i regnvêr. Dette arealet har vore lansert til ulike formål i ulike planar. Arealet utgjer ein av dei sentrale plassane i sentrum. Det skulle ein ikkje tru dersom ein let auga festa seg på dette området. Det står fram som eit grusområde fullt av holer og vasspyttar. Seinaste «tilvekst» til området er at ei rekkje billass med grus og mold er tippa i deler av denne staden. Eg meiner å ha høyrt at alt dette skal bli ein type sykkelbane. Rett på sak: Dersom det er rett, vil eg straks stemme i STOPP! Ei sykkelbane høyrer ikkje heime her. Slike aktivitetar kan leggjast på heilt andre område!

Planane om eit parkområde her er kanskje det rette. Med nærkontakt til småbåthamna og service tiltak på dei andre sidene ville det vere midt i blinken. Mange vil gjerne bu i sentrum. Tomta ville difor også kunne eigne seg for bustader, forma ut slik at dei går naturleg inn i sentrumsmiljøet. For nokre år sidan var det på tale at kommunen skulle kjøpe arealet for så å utvikle det som ei ekstra perle i sentrum av bygda vår. Eigaren av store deler av denne tomta burde framleis ha interesse at denne planen vart realisert.

Eg vil difor utfordre Ålesund kommune om å setje utviklinga og bruken av dette arealet høgt på dagsorden. Planar og utvikling bør då gjerast i nært samråd med dei som bur i denne delen av byen Ålesund. Slik området står fram i dag, er det nærast for ei skam å rekne. Dette må vi saman rette på slik at sentrum på Sjøholt får ei andletsløfting som vi kan vere stolte av og som dei som vitjar bygda legg merke til og ber med seg vidare som eit vakkert minne.

Hovudsatsingar: Bort med gjennomgangstrafikken (E39/E136) og utvikling av tomta sør for Stopp 69!