Eg skal snakke om utfordringane vi menneske har lagd for regnskogen. Eg meiner at regnskogen er ein veldig viktig ressurs. Den har mange fine og unike dyr, og den er også jordas reinseanlegg. Skogen og alle trea gjer slik at vi menneska slepp å puste inn ein farleg klimagass som heiter Co₂. I staden slepp dei ut rein oksygen som er den gassen vi pustar inn. Viss vi ikkje hadde hatt skog, så hadde vi menneska døydd. Vi treng oksygen for å puste.

Ta vare på dyra, ikkje skad dei!

Viss vi ikkje tek vare på dyra kjem dei til å bli utrydda. I alle fall dei som er spesielle, og det ikkje er igjen så mange av. Mange av dei dyra som bur i regnskogen finst berre der. Og viss regnskogen blir øydelagt, blir det lite mat på oss menneske og dyra. Nokon meiner at vi menneske kjem til å bruke opp regnskogen. Vi må greie å balansere dyre- og menneskelivet likt.

Ikkje hogg ned reinseanlegget vårt!

Det er faktisk mange som hogger ned regnskogen. Det er berre 35 prosent villmark igjen på jorda. Heile 180 millionar tre er kutta ned og brukt av menneske! Dei blir erstatta med for eksempel oljepalme. I dei skogane greier ikkje dyra å leve. Viss vi held fram slik vil det ikkje vere noko skog igjen, og regnskogen vil døy! Og då kan vi ikkje leve lenger heller. Men viss vi sluttar å kutte ned skog, vil vi få frisk og rein luft.

Stopp klimaendringane fort!

Vi slepp ut klimagassar når vi kjøper oss nye ting: Då produserast jo den tingen på fabrikk og fabrikkar sender ut masse klimagassar. Når vi kastar søppel i naturen gjer det at atmosfæren blir tettare, og varmen som reflekterer frå sola kjem seg ikkje ut så dett blir varmare og varmare på jorda. Det som skjer da er at isen på polane og for eksempel Svalbard smeltar. Ikkje alle dyra på jorda greier å overleve på grunn av varmen eller overfløymingar. Skogar begynner å brenne fordi det er så tørt. Og forskarane meiner at den sjette masseutryddinga kan komme i år 2100, den femte masseutryddinga var da dinosaurane blei utrydda for 65 millionar år sidan.

Dette kan vi greie!

Det eg meinar er at vi må ta vare på naturen og alt liv som lever der. Alle må gjere det dei kan. Vi må berre tru at vi kan klare det! For viss alle bidrar litt, så blir det stort. Vi kan for eksempel plukke plast, resirkulere, bruke ting om igjen og ikkje ete så mykje kjøtt.

Så spørsmålet mitt er, kan regnskogen rekne med deg?

Kjelde: Life on a planet David Attenborough.

Skriven av Linde Ulstein (12), sjuandeklassing ved Åse skole.