Kjølmoen skriv: (sitat) «vil du ha mer sentralisering, privatisering og salg av Norge med Frp – eller vil du ha satsing på gode skoler, en trygg eldreomsorg og arbeidsplasser i hele fylket med Ap og et rødgrønt flertall?»

Korleis harmonerer dette med Ålesund der nettopp ein AP-ordførar og eit raudgrønt fleirtal styrer?

I Ålesund er det no kraftige reduksjonar til tenestetilbodet til pleie- og eldreomsorg, tilbod til demente er foreslått nedlagde, skulane er pålagde å spare, 2.3 mill. berre i gamle Ørskog! Fleire eldre som partia før valet garanterte skulle få bu i dei før sjølvstendige kommunane, blir flytta til institusjonar i andre kommunedelar, avgiftene aukar, vi har fått innført eigedomsskatt, fleire lærarar har fått redusert løn.

Dei einaste som har vunne er lønsadelen på rådhuset i Ålesund.

No er også Kjølmoen og AP brått imot sentralisering.

Men vi er mange som hugsar korleis dagens AP-ordførar, Eva Aurdal, kjempa for å få nedlagt Ørskog vidaregåande skule og nettopp sentraliserte skuletilbod og arbeidsplassar til Ålesund.

Nei, handling talar meir enn ord, Kjølmoen, og i denne saka fortener Ap absolutt ingen tillit.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!