Pengemakta har knust den amerikanske draumen. Programmet UXA som gjekk på NRK1, har vist oss dette.

Pengemakta har kjøpt landbruksdistrikta i USA. Dei sjølvstendige bøndene har flykta og blitt erstatta av importerte «slavar» frå mellom- og sør-Amerika. Amerikanske selskap har sett bort produksjonen til billigland som Kina og importert billig arbeidskraft frå fattige land. Dette har skapt arbeidsløyse og «slavedrift» i USA og arbeidsplassar og rikdom i Kina. No eig snart Kina USA. Berre dei rike har råd til utdanning og trygge jobbar. Berre dei rike har råd til helseforsikring. Berre dei rike kan verte politikarar. Det undergrev demokratiet – folkestyre!

Utviklinga i Norge går i same retninga. Vi flyttar produksjonen til Kina. Vi importerer billig arbeidskraft frå øst-Europa og muslimske land i Sentral-Asia. Kina kjøper Volvo i Sverige og Elkem, Ekornes og Norwegian i Norge.

Rikspolitikarane «gir bort» norsk natur til den europeiske pengemakta. Dei bruker politiet til å forsvarer pengemakta i Europa mot bygdefolket på Haramsøya som kjemper for å forsvare råderetten over norske naturresursar. Enno har folkemakta råderetten over fisken, oljen og vasskrafta. Når kjem det neste EØS-direktivet om at denne råderetten må vi gi bort til pengemakta i EU?

I USA har pengemakta tatt den materielle fridomen frå folket. I dei kommunistiske og dei muslimske landa har stats-livssynet tatt den åndelege livssynsfridomen frå folket. Folket vert slavar under eliten enten det er pengemakta eller livssyns-makta.

Vi må vakne slik vi ikkje mister fridomen vår. Både pengemakta, den muslimske og marxistiske livssyns-makta er ein trussel mot fridomen vår. Vi treng alle ein livssyn-grunnvoll å stå på. I Europa og USA har kristendomen vore vår grunnvoll. Denne grunnvollen er truga både frå dei som misbrukar Guds namn til eiga makt og ære og dei som forkastar Gud.

Dei som trur på Gud har lett for å misbruke Gud (Hitler og Trump) og der Gud vert forkasta fer vi «menneske-gudar» – diktatorar som skaper helvete på jorda (Stalin, Mao, Pol Pot og Kim-ane i Nord-Korea). Vi må passe oss for både forførarar og fornektarar. Jesus avslørte forførarane og gav oss ein levande kjærleg Gud. Jesus har gitt oss vår livssyns-grunnvoll i USA og Europa, men den grunnvollen er dessverre sterkt svekka!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!