Opposisjonen i USA er sterkare no, meir kritisk til sine eigne. Eg trur ikkje opposisjonen, korkje til venstre eller litt meir til høgre i dag ville finne seg i ein ny Vietnam-krig, eller Irak-krig, heller ikkje imperialialistisk intervensjon og bombing på Balkan.

Det er å håpe at venstresida og dei mindre rabiate høgrepopulistane no går saman i ei brei antikrigsrørsle og ei rørsle for å få til ein skikkeleg velferdsstat.

Alle Trump-tilhengarar er ikkje alltid så langt til høgre, dei fleste vil ha arbeid og velferdsordningar, that's it.

Det er opposisjonen, dei folkelege kreftene vi må håpe på no. 70 mill. stemte på Trump, ifølgje kunngjorde tal, kanskje mest fordi republikanarane klarte å få fleire amerikanarar i arbeid, ved m.a. strengare kontroll med arbeidsinnvandring og mindre vareimport frå utlandet (Trygdeordningar gjorde dei mindre med). 70 mill. var ikkje klar for å storme Kongressen!

Den mest radikale opposisjonen viste likevel styrke med åtaket på Kongressen. (Eg ville ikkje ha oppfordra til militant opprør, utan mål og retning. Borgarleg demokrati er, trass alt, betre enn fascisme!)

Det var nok fornuftig av politiet å dempe seg etter kvart, mange av demonstrantane møtte opp med våpen. Slik kunne dette ha eskalert til eit større blodbad. Vi får håpe på meir konstruktive protestar i fortsettinga.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!