Der stod at 125 nordmenn har fått erstatning for narkolepsi etter svineinfluensa-vaksinen som var ei «hastevaksine». 859 har totalt søkt om erstatning. Denne vaksinen vart godkjent på rekordtid utan å ha blitt godt nok testa.

Og når vi no høyrer dei siste nyheiter om denne Corona-vaksinen, at fire personar i Norge har døydd kort tid etter at dei har fått denne, samtidig som vi veit at dette også er ei «hastevaksine» som på rekordtid har blitt godkjent.

Dette i seg sjølv burde vere ein åtvaring om å ikkje utsette seg for dette å vere forsøksperson til ei slik vaksine. Eg vil påstå at risikoen med å ta denne vaksinen kan vere mykje større enn sjukdommen som den skal beskytte oss imot.

Anerkjente legar meiner at minimum 2 og heilt opp til 7 år kan vere nødvendig for å utvikle og teste ei vaksine som skal vere sikker nok til å kunne brukast på menneske.

Foreldre til barn som fekk narkolepsi etter svineinfluensavaksina meiner at myndigheitene den gongen førte dei bak lyset med å ikkje informere godt nok om manglande testing av denne vaksinen før den kom på marknaden. No ser vi at det same skjer igjen. Produsentane har fått fritak frå alt ansvar med risiko som vaksinen kan medføre, og intet erstatningsansvar kan ramme dei ved problem eller alvorlege bibirkninger av disse vaksinane.

Vaksinane til Pfizer og Moderna er også av ein type som er genetiske og dermed ein heilt ny type vaksinar som er veldig eksperimentelle, samanlikna med alt som tidlegare har vore av vaksinar. Disse vaksinane kan gjere irreversible forandringar på våre gener, og ingen kan vite konsekvensane som dette kan føre til på kort eller på lang sikt.

Den «veldedige» vaksineforkjemparen Bill Gates som er utan noko helsefagutdanning eller -kompetanse, og som har «konvertert» frå datagründer til «vaksine-fagmann» seier at ingenting har gitt så god avkastning som å investere i vaksinar. Her har han fått ei forteneste på 20 gonger det som er investert.

Dette i tillegg til at alle billige og effektive behandlingar for covid-19, og gode råd for styrking av immunforsvaret blir sensurert vekk frå internett, det burde ikkje friste nokon til å ta denne vaksinen.

Eg trur at å styrke immunforsvaret med passeleg trim, tran og sunt kosthald absolutt er å foretrekke framfor ei hastevaksine som ikkje ein gong produsentane tør å garantere for.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!