Eitt av bilda eg beit meg mest merke i, var frå Svåheia Vindpark i Egersund kommune. Kona mi kjem frå området Svåheia, så der er eg godt kjent.

Frå huset vi brukar å feriere i, kan vi sjå sju vindmøller. Dei er 150 meter høge. Den næraste er berre nokre hundre meter frå huset.

Før vindmølleparken blei utbygd, prøvde naboane å stoppe prosjektet med alle lovlege middel, men det var til inga nytte. Kommunen eigde mesteparten av grunnen og vindmøllene kom opp ganske fort etter at godkjenning var gitt.

Heldigvis har vi demokrati i Norge, men når det gjeld vindmølleutbygging, kan ein begynne å lure. Folk føler seg overkøyrt og makteslause i dei fleste tilfella. Vi veit at fleire kommunar sa ja til utbygging av vindturbinar. I forkant trur eg at dei berre fekk høyre om fordelane og ikkje det negative som følgjer med.

I mine auge er vindturbinane ei visuell forureining. I tillegg lagar dei ein sjenerande lyd når det bles.

Til slutt vil eg gje honnør til Sunnmørsposten for at dei reiser rundt og lagar reportasjar frå andre plassar i landet og pratar med folk som har fått vindmøllene tett inn på seg.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!