Stordriftsfordelar var medisinen som skulle gi innbyggarane betre og rimelegare tenester. Nok ein gong har vi «bonane på lannne» latt oss lure til å «selje smør utan å få betalt»!

Dei nye politikarane ytte høgare løner til toppane i rådhuset og saftige godtgjersler for seg sjølve. Ein kikk i regnskapsboka burde fått dei frå dette, også med tanke på omdømmebygging.

Vondt gjekk til verre då den første rekninga for kommunale avgifter vart sendt ut. Fleire negative saker vart skrive i media, noko som førte til at kommunedirektøren gjekk ut og beklaga at så mykje negativt kom på trykk. Ho nemnde at det skjedde mykje positivt som deltaking i United Future Lab og at Ålesund skulle bli ein «Smart City» med ny stilling som «Framtidsnavigatør».

Ja, dette fekk så visst folk opp av godstolen med høglydte ovasjonar. Nettopp i ein slik situasjon hadde det vore mykje betre å tilsette ein person til å ta seg av omdømebygging. I staden er media fulle av negative opplevingar som innbyggarane har fått i møte med kommunen. Pasientar som vert plassert på institusjon utanfor heimstaden, manglande oppfølging av pasientar, manglande svar på søknader og meldingar om feil på infrastruktur.

At næringsliv og private i landkommunane har fått mangedobla gebyra for tenester hjelper heller ikkje. Når eigedomsavgifta vert innført for heile kommunen aukar misnøya.

La meg ta med eksempel på omdømebygging som hadde kosta lite og betydd mykje. Ørskog Historielag søkte om ei annonse i Årboka for 2020. Ørskog kommune hadde i alle år gjort det. For 700 kroner kunne kommunen gitt eit handslag til eit viktig arbeid utført av friviljuge, men nei og atter nei.

Likeins stod dei kommunale flaggstengene rundt om i grendene nakne og grein 1. juledag og 1. nyttårsdag, om lag som under krigen. Ei skam og ytterlegare nedbygging av tilliten til at Ålesund kommune kan bli ein god kommune å bu i.

Eg vil sitere ein særs respektert politikar i Ørskog kommune på 70-talet: «Gløym ikkje at de er folket sine tenarar!»

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!